Hopp til innhald

Fagstoff

Viral marknadsføring

Viral marknadsføring er ei form for marknadsføring som blir stadig viktigare for å halde ved like gode relasjonar til kundane. Når ei verksemd tek i bruk eWOM for å spreie ein bodskap gjennom ulike sosiale medium, kallar vi det viral marknadsføring.
Tommel opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med viral marknadsføring meiner vi konsept og bodskapar av ein slik karakter at det kopierer og spreier seg sjølv. Viral marknadsføring går ut på å lage innlegg, videoar og liknande i sosiale medium som du får lyst til å dele med andre gjennom eWOM.

Eksempel på viral marknadsføring

Døma er mange. Du loggar på Facebook og får opp ei melding om at ein av vennene dine er ein «sann globetrotter». Dette går fram av ein uhøgtidleg test, og du blir oppfordra til å ta den same testen. Du klikkar på linken og kjem til ei side frå ein turoperatør som har laga ein quiz for å marknadsføre sitt nye bonuskort til folk som reiser med fly meir enn tre gonger i året.

Du blir stilt ein del morosame fleirvalsspørsmål og får til slutt opp ein score som du blir oppfordra til å dele med vennene dine. Slik kan du bli med i trekninga av ein gratis flybillett til ein verdi av 10.000 kroner. Sidan du godt kunne tenkje deg ein gratis flybillett, klikkar du på linken og deler resultatet med dine 500 Facebook-venner, som så blir oppfordra til å klikke på linken for å ta den same globetrottertesten.

Dersom vennen din også har 500 Facebook-venner – av dei høyrer 400 ikkje til ditt sosiale nettverk – har dette innlegget blitt sendt vidare til heile 900 personar. Sannsynlegvis vil fleire av dei 500 vennene til vennen din klikke på linken og ta testen, og truleg kjem også fleire av dine venner til å gjere det.

Markedsføring på sosiale medier. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Effektiv form for marknadsføring

Som du ser, blir ein bodskap spreidd ekstremt fort og effektivt gjennom delingar og andre former for eWOM som vi med ei felles nemning kallar viral marknadsføring.

For dei som lykkast med ein viral marknadsføringsstrategi, er dette ein smart, effektiv og billig måte å reklamere på. Dersom du treffer målgruppa, kan effekten bli formidabel ved at bodskapen spreier seg som eld i tørt gras.

CC BY-SASkrive av Kjetil Sander.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Rettleiing i produksjon for sosiale medium