Hopp til innhald

Fagstoff

Åndsverklov og opphavsrett

Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere noko som andre har laga. Derfor er det viktig å kjenne til kva lover og reglar som gjeld på dette området. Lov om opphavsrett til åndsverk handlar enkelt sagt om å sørgje for at du eig det du skaper.

Kva er eit åndsverk?

Eit åndsverk er resultatet av ei skapande verksemd, med andre ord: Det er noko som nokon har laga. Eit åndsverk kan til dømes vere ein film, ein roman eller eit fotografi. Tanken bak åndsverklova er å verne om og oppmuntre til produksjon av åndsverk. I § 2 i Åndsverklova blir definerte åndsverk som "litterære eller kunstneriske verk av enhver art, som er uttrykk for original og individuell skapende åndsinnsats".

Åndsinnsats betyr at verket må oppfylle ei viss grad av originalitet, til dømes basert på fantasien, talentet eller den faglege dugleiken til skaparen.

Eit åndsverk er med andre ord eit originalt litterært eller kunstnarisk verk som du har tenkt ut, planlagt og laga sjølv.

Opphavsretten

Alle som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til sitt eige verk. Enkelt sagt – alt vi lagar er vårt eige! Det er det grunnleggjande prinsippet bak opphavsretten.

Opphavsrett er den retten forfattarar, komponistar, fotografar og andre opphavarar har til verka sine. Opphavsretten gir den som har laga åndsverket einerett til å bestemme over produktet sitt. I dei fleste tilfelle tek opphavsretten slutt sytti år etter at opphavaren er død.

Opphavsrettsmerking med © viser kven som har opphavsrett til ein tekst eller eit bilete. I Noreg er det ikkje nødvendig med eit slikt merke. Vi har – saman med dei fleste andre land i verda – slutta oss til Bernkonvensjonen (1886). Han seier at opphavsretten gjeld uansett om han er presisert eller ikkje.

Barn søv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vis respekt

Åndsverklova regulerer òg måten eit åndsverk blir brukt på. Åndsverklova § 5 seier at opphavaren har krav på namngiving. Det betyr at du alltid må hugse å merke det du låner med opphavaren sitt namn.

Opphavaren har òg lovmessig vern mot krenkjande bruk eller endring av verket (respektretten).

Sjå for deg at du får i oppdrag å lage eit humoristisk fotografi rundt temaet "tidleg leggjetid", men artikkelen om leggjetid blir forkasta, og avisa vel i staden å bruke biletet ditt i ein artikkel om seksuelt misbruk av barn. Å publisere biletet i ein slik samanheng vil vere krenkjande for modellen og for deg som fotograf.

Rettar til eigne åndsverk

Som opphavar har du to viktige rettar:

  • Einerett til å gjere verket tilgjengeleg for allmenta
    Det er opp til person som eig rettane, opphavaren, å avgjere om verket skal publiserast. Derfor bør du gi opphavaren tydeleg beskjed om kva verket (teksten eller biletet) skal brukast til, og i kva medium det skal publiserast.

  • Einerett til eksemplarframstilling
    Einerett til eksemplarframstilling betyr at ein berre kan framstille nye eksemplar av verket etter avtale med opphavaren, og at viss ikkje anna er avtalt, så er publisering avgrensa til berre éin gong. I nokre tilfelle har opphavaren overdratt rettane til eksemplarframstilling til eit forlag eller ei bedrift.

Eksemplarframstilling betyr å lage nye trykte eller digitale eksemplar av eit verk. Mange trur det er lovleg å publisere bilete frå internett på sin eigen blogg så lenge ein gir opp namnet til fotografen eller der det er henta frå. I praksis er dette ei ulovleg eksemplarframstilling. Det er berre opphavaren, eller den opphavaren har overdratt rettane til, som har rett til å publisere nye digitale versjonar av biletet.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Rettleiing i produksjon for sosiale medium