Hopp til innhald

Fagstoff

Journalistikk i postfaktasamfunnet

Kva skjer med journalistikken i ei tid då det vi føler, meiner og trur, for mange er viktigare enn fakta? Har journalistikken sjølv skuld i at tilliten til media er svekt? Kan ein kjempe mot desinformasjon med faktasjekk, eller er løysinga å la folk få det dei vil ha?
Kvinne held to skilt med emojiansikt. Det eine er eit smileansikt. Det andre, eit sint ansikt, held ho framfor ansiktet til ein mann som står ved sida av ho. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Postfaktasamfunnet og emokratiet

er ei nemning på eit samfunn der fakta ikkje lenger blir lagt til grunn for måten vi tenker og handlar på. I eit postfaktuelt samfunn er det ikkje fakta som veg tyngst når vi vurderer sanningsgehalten i ei nyheitsforteljing, men derimot våre eigne kjensler, meiningar og preferansar.

Nokre bruker omgrepet emokrati om eit samfunn der det er emosjonar (kjensler) som styrer vala vi tek.

Dilemmaet til journalistikken i postfaktasamfunnet

Journalistikk handlar om å formidle fakta. Slik bidreg dei redaksjonelle media til den opplyste samtalen i eit demokrati.

  • Korleis skal journalisten ta omsyn til lesarar som heller vil bli underhalde av historier med sviktande faktagrunnlag enn av forteljingar basert på stadfesta fakta?

  • Kva skal ein redaktør gjere når sjåarane vel bort nyheitskanalen fordi han rapporterer om hendingar som ikkje passar inn i oppfatninga dei har av verda?

Dette er to av dei dilemmaa journalistikken i vår tid står overfor. Nokre vel å nærme seg problemet ved å gjere nyheitsforteljingane meir underhaldande og kjenslebasert. Eitt triks er å nytte dramaturgiske grep som vi kjenner frå fiksjonsforteljingar.

I USA, og i ei viss grad her til lands, har det vakse fram nyheitskanalar som skreddarsyr nyheiter retta mot målgrupper med sterke politiske eller religiøse overtydingar. Døme frå Noreg er den høgreorienterte nettstaden Resett og den konservative kristne vekeavisa Noreg i dag som ifølge seg sjølv "taler der andre teier".

Kjensler på godt og vondt

Korsstingsbroderi med blomsterbord og teksten "Har du husket å føle deg krenket i dag?". Foto.

I eit debattinnlegg i Bergens Tidende (2017) viser lektor og medievitar Joachim Laberg til forskarar som meiner at media sjølve langt på veg har bidrege til å undergrave tilliten til faktasamfunnet. Både mediedebattantar, journalistar og redaktørar bruker ofte retoriske grep som appellerer til kjensler meir enn fornuft. Derfor er det behov for meir openheit rundt journalistiske praksisar og tenkemåtar.

God journalistikk appellerer både til hjerne og hjarte. Slik har det alltid vore, og slik bør det framleis vere. Men Laberg peiker på korleis ordskiftet i sosiale medium påverkar både journalistikk og samfunnsdebatt i negativ retning:

Vi har i dag ein situasjon der vi applauderer og vidareformidlar tekstar som handsamar komplekse saker som om dei var enkle og einsidige, og vi har ein situasjon der politiske prosessar vert omtalte som dei vert utført av einskildpolitikarar i augneblikket.

Vi kan gi att motparten sine poeng tolka i verste meining, og sjå vekk frå både uttalte nyansar og uttalte atterhald. Vi kan peika på kor teite folk som tek feil er, men gløyma å vise kvifor dei tek feil. Og vi kan latterleggjera og demonisera våre meiningsmotstandarar med godkjenning frå hundrevis av tomlar opp. (Laberg, 2017)

Nyheitskriterium som speler på emosjonar

I postfaktasamfunnet kan falske nyheiter få like stor merksemd som faktabaserte nyheiter, så lenge innhaldet appellerer til kjenslene våre og stadfestar oppfatningane vi har frå før.

To unge kvinner sit ved eit skrivebord med berbare datamaskiner, skrivesaker og mobiltelefon. Dei ser på kvarandre, den eine har eit overraska utrykk og held hendene framom munnen, mens den andre held peikefingeren opp mot munnen som om ho hysjar. Foto.

i "falske nyheiter" er gjerne dei same som vi kjenner frå "ekte nyheiter". Vi lar oss trigge av forteljingar som er overraskande, kompromitterande og personifiserte.

I samband med den amerikanske valkampen i 2016 let mange amerikanarar seg til dømes overtyde av falske nyheiter om at presidentkandidaten Hillary Clinton leidde eit internasjonalt pedofilinettverk.

Slike opplagde løgner fungerer ikkje like bra i Noreg, sidan samfunnet vårt er meir gjennomsiktig enn det amerikanske og dei fleste nordmenn har større tillit til politikarar. Her til lands er problemet heller at uvesentlege nyheiter, i form av kompromitterande og personifiserte forteljingar, ofte set viktigare nyheiter i skyggen.

Eit døme er når enkelte aviser i 2022 fokuserer meir på justisminister Emilie Enger Mehls framferd i underhaldningskonseptet Kompani Lauritzen enn på tiltaket til regjeringa for å møte flyktningstraumen frå den høgst reelle krigen i Ukraina.

Ei viktig nyheit?

Sjå Dagbladets nyheitsartikkel 25. mars 2022, same dag som russiske stridsvogner inntok den ukrainske hamnebyen Mariupol:

Nyheitsartikkel, Dagbladet: Svarer på kritikken

Desinformasjon og faktasjekk

I postfaktasamfunnet spreier , eller det nokon kallar "", seg som eld i tørt gras. Journalistikken har prøvd å møte utfordringane med falske nyheiter ved å opprette eigne redaksjonar, gjerne på tvers av mediehus, som har til oppgåve å sjekke fakta i nyheitene vi får servert.

Les og lær

Lær meir om faktasjekking i undervisningsopplegget Tenk. hos Faktisk.no.

Viktigare å vere sannferdig enn nøytral

Men held det å faktasjekke nyheiter, når problemet er at mange uansett vel å ikkje stole på fakta? I mediekommentaren "Donald, du lyg!" (2017) spør Sven Egil Omdal kva journalistane skal gjere når vanleg faktasjekk ikkje lenger har noka betydning i postfaktasamfunnet.

Kvinne i dressjakke snakkar og gestikulerer med heva peikefinger. I bakgrunnen er ein blå vegg med logoen til World Economic Forum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Han svarer ved å vise til Christiane Amanpour, CNNs stjernereporter. Ho hevdar at dei redaksjonelle media må slutte å vektlegge objektivitet og heller skjerpe evna og viljen til å vere sannferdige. Ein laust fundert konspirasjonsteori bør ikkje få den same redaksjonelle plassen som ein forskingsrapport som 99 prosent av forskarane i verda står bak, same kor sensasjonell han måtte vere.

Postfaktuelt eller polyfaktuelt samfunn?

Nærbiletet av ansiktet til ein glattbarbert og smilande mann. Svart-kvitt foto.

"Bekymringen for falske nyheter i postfaktasamfunnet er overdreven. Sannheten er at vi aldri før har hatt mer tilgang til nyheter, perspektiver og tolkninger av fakta", skriv professor og medieforskar Petter Bae Brandtzæg i ein artikkel i Minerva (2018).

New York Times er like tilgjengeleg på nett som VG. Og CNN og Al Jazeera inngår i dei vanlege kanalpakkane norske husstandar abonnerer på.

Informasjon frå alle nyheitskanalane i verda er altså berre eit tastetrykk unna. Sosiale medium har skapt vekstvilkår for falske nyheiter, men òg nye former for interaksjon og meiningsutveksling. Ein slik mangfaldstilstand kallar Brandtzæg eit polyfaktuelt samfunn.

I eit polyfaktuelt samfunn blir nyheiter delte og nyanserte av ulike aktørar. Då har dei store nyheitskanalane ikkje lenger monopol på å formidle sanninga om det som skjer. Ei slik utvikling kan bidra til å styrke truverdet til nyheita.

Viktige omgrep

Kjelder

Brandtzæg, P. B. (2018). Medias ubehag i det polyfaktuelle samfunn. Minerva, 94(1), 37–43.

Laberg, J. (2017). Vi har skapt eit kjenslemonster. Bergens Tidende. https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/deobo/vi-har-skapt-eit-kjenslemonster

Relatert innhald

I eit velfungerande demokrati tek vi avgjerder på grunnlag av sanning og fakta. Kva skjer når nye medieplattformer spreier desinformasjon?

Korleis kan ein utføre skikkeleg journalistikk i ei verd der Oxford English Dictionary kårar «post-truth» til årets nyord?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Læringsressursar

Journalistikk i ei ny tid