Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit videoessay om sensorbasert journalistikk og utvida verkelegheit

Lag eit videoessay der du vekslar mellom å fortelje om og reflektere over temaet journalistikken i framtida og din eigen mediekvardag. I eit videoessay kan du leike med visuelle og auditive verkemiddel og ta med sjåaren på ei tankereise som vandrar hit og dit.
Jente justerer ein mobiltelefon som er festa til eit tripodstativ som står på eit skrivebord. Ein gut sit ved sida av ho. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fase 1: Set deg inn i temaet du skal klargjere

I løpet av få år kan sensorar festa på kleda eller kroppen vår gjere det mogleg for nyheitsformidlarar å skreddarsy informasjon som er tilpassa situasjonen vi heile tida er i. Sensorbaserte nyheitsforteljingar er nyheitsforteljingar som er tilpassa behovet ditt akkurat her og no.

I tillegg kan det tenkast at nyheitsformidlarane tek i bruk AR-teknologi. Utvida verkelegheit (AR) er ein teknologi som kan brukast til å legge til eit lag med digitalt innhald over biletet du har av verda når du vurderer ho gjennom til dømes mobilkameraet ditt.

Korleis blir morgondagens nyheitsjournalistikk, og korleis vil innovative nyheitsforteljingar påverke oppfatninga di av det som skjer, og av menneska du omgir deg med?

Set deg grundig inn i dette temaet. Du finn innføringsartiklar her på NDLA, men du kan òg søke etter meir informasjon på nettet.

Fase 2: Planlegg og produser eit videoessay om journalistikken i framtida

Du skal no lage eit videoessay der du vekslar mellom å fortelje om og reflektere over temaet journalistikken i framtida og mediekvardagen din.

Målgruppa for videoessayet ditt er medieelevar på din eigen skule. Men du kan òg vurdere om du vil publisere videoessayet som eit innlegg i den offentlege samtalen om journalistikk og medieutvikling i sosiale medium.

I eit videoessay kan du leike med visuelle og auditive verkemiddel og ta med sjåaren på ei tankereise som vandrar hit og dit.

For å lykkast med videoessayet må du jobbe grundig med tekstskapinga. Idealet er eit leikent og kreativt språk, med medviten bruk av verkemiddel og god flyt. Manuset treng ikkje å følge ei fast oppbygging eller rekkefølge, men du bør ha ein gjennomgåande idé eller raud tråd.

Når det skriftlege manuset er ferdig, må du lage eit biletmanus som utgangspunkt for videoen du til slutt skal produsere.

Under "Relatert innhald" finn du støtteressursar til vidare hjelp i arbeidet med videoessayet.

Lykke til!

Relatert innhald

Teknologi og digital medieutvikling har fått store konsekvensar for journalisten. Innovasjon og nyutvikling står sentralt i norske mediehus i dag.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022

Læringsressursar

Journalistikk i ei ny tid