Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriftleg oppgåve: journalistikk og medieutvikling

Samfunnsutvikling, teknologiutvikling og medieutvikling heng tett saman. Øv deg på å løyse ei skriftleg oppgåve som handlar om journalistrolla i eit nytt medielandskap.
Person skriv på eit nettbrett mens bokstavar svever rundt i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåvemål

Måla med denne oppgåva er

  • å vise at du kjenner til sentrale fagomgrep og kan bruke desse i ditt eige arbeid

  • å vise at du kjenner til viktige sider ved samfunnsutvikling, teknologiutvikling og medieutvikling i dag, og at du kan reflektere over konsekvensane for journalistrolla

  • å vise at du har kjennskap til Ver varsam-plakaten, og at du kan forme eigne presseetiske reglar

  • å vise at du forstår kva nye presseetiske problemstillingar som oppstår når samfunn og teknologi blir endra

1. Omgrep

Forklar og gi døme på desse omgrepa:

  • digitalisering

  • kunstig intelligens

  • sosiale medium

  • eigarkonsentrasjon

  • innhaldsmarknadsføring

  • postfakta-samfunnet

2. Lag eit tillegg til Ver varsam-plakaten

Dagens Ver varsam-plakat vart sist revidert 1. januar 2021, men medieutvikling, samfunnsutvikling og teknologisk utvikling skaper stadig nye presseetiske utfordringar.

Ver varsam-plakaten inneheld i dag fire hovudområde. Du skal no lage eit utkast til eit femte hovudområde.

Området skal ha overskrifta "5. Journalistikk i eit digitalt landskap".

Her er nokre stikkord: kunstig intelligens, virtuell verkelegheit (VR), utvida verkelegheit (AR), sensorbasert journalistikk.

Formuler fem punkt til det nye hovudområdet som beskriv kva etiske reglar som skal gjelde for journalistikk i eit digitalt landskap. Som språkleg førebilete kan du bruke resten av innhaldet i Ver varsam-plakaten.

3. Drøft konsekvensar for journalistrolla

Gjer greie for viktige sider ved samfunnsutvikling, teknologisk utvikling og medieutvikling i dag. Drøft kva konsekvensar utviklinga har for journalistrolla.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2022

Læringsressursar

Journalistikk i ei ny tid