Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Studer ein nyheitspodkast

"Oppdatert" er ein nyheitspodkast som blir produsert av NRK Nyheiter. Han blei kåra til Årets podkast i 2020. I denne oppgåva skal du sjå nærare på episoden "Varsleren fra Wuhan".
Ein mann på ca. 35 år, med asiatisk utsjånad. Han har kortklipt, svart hår, og han har på seg firkanta briller med tynn metallramme og eit munnbind som dekkjer nedre halvdel av ansiktet. Han ser alvorleg ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Varslaren frå Wuhan

Doktor Li Wenliang jobba på sjukehuset i Wuhan. Då han prøvde å varsle om at fleire av pasientane der var ramma av eit lungevirus, blei han ikkje høyrd.

Han fekk tvert om ein reprimande av dei lokale styresmaktene i Wuhan. Nokre veker seinare, i februar 2020, døydde han sjølv av covid-19.

Nyheitspodkasten "Varsleren fra Wuhan" frå NRK Oppdatert tek for seg denne saka.




1) Lytt til podkasten

Høyr gjennom podkasten Varsleren fra Wuhan (16 min).

2) Studer podkasten og svar på spørsmåla

Gå saman i grupper på fire. Fordel fokusområda nedanfor mellom dykk slik at de får svart på alle spørsmåla. Noter svara i eit digitalt fellesdokument.

Fokus 1: tema, sendar, bodskap og målgruppe

  • Kva tema står sentralt i denne podkasten?

  • Kven er sendar? Korleis kjem dette fram?

  • Kva er bodskapen? Kjem bodskapen fram på ein tydeleg måte?

  • Kven er målgruppa for denne nyheitspodkasten? Kva for grep har produsenten brukt for å nå fram til målgruppa?

Fokus 2: kjelder

  • Kva for kjelder har Oppdatert-redaksjonen brukt i denne podkasten?

  • Kva funksjon har dei ulike kjeldene i denne produksjonen?

  • Er kjeldene truverdige? Grunngi svaret.

  • Korleis blir det vist til kjeldene?

  • Kvifor er det viktig at ein nyheitspodkast byggjer på truverdige kjelder?

Fokus 3: oppbygning og verkemiddel

  • Korleis er nyheitspodkasten bygd opp? Sjå nærare på komposisjon og dramaturgi og beskriv anslag, midtdel og avslutning.

  • Kva for nokre konkrete grep har regissøren brukt i anslag, midtdel og avslutning? Får du lyst til å høyre meir? Kvifor (ikkje)?

  • Kva for verkemiddel blir brukte?

  • Nemn dei ulike lydtypane du høyrer, med særleg fokus på musikk og effektlydar.

  • Beskriv lydbiletet og forklar korleis det heng saman med språkleg innhald og stemmebruk.

  • Vurder korleis oppbygning og verkemiddel fungerer som ein heilskap.

Fokus 4: påverknadskraft og funksjon

  • Blir du påverka av podkastepisoden? Kvifor (ikkje)?

  • Diskuter kva for innverknad denne podkastepisoden kan ha på samfunnsdebatten om korona-pandemien.

  • Kva slags funksjon og rolle kan serien ha i samfunnsdebatten? Sjå på titlane på andre episodar i denne podkast-serien, og lytt nokre minutt til utvalde podkastar.

3) Presenter svara

  • Kvar gruppemedlem presenterer svara sine munnleg for resten av gruppa.

  • Alle i gruppa kjem med innspel til kvarandre.

4) Reflekter saman

Korleis vil de vurdere denne podkasten?

  1. Kva fungerte særleg bra?

  2. Kva er det viktigaste de fekk ut av episoden?

  3. Kva skulle de gjerne fått vite meir om?

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Journalistikk i ei ny tid