Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet journalistikk i ei ny tid

Samfunnsutvikling og teknologisk utvikling endrar medielandskapet. Kva kan du om medieutvikling og journalistrolla i ei ny tid?
Kvinne trykker på eit smilefjesikon på ein virtuell berøringsskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kan du om journalistikk i ei ny tid?

Desse sjekkpunkta gir deg ein peikepinn på korleis det står til med fagkunnskapen din:

  • Eg veit korleis globale teknologi- og mediegigantar påverkar økonomien til norske medieselskap, og eg forstår kva konsekvensar det har og kan få for journalistikken.

  • Eg forstår forskjellen på redaksjonelle og private medium, og eg kan reflektere over kvifor sosiale medium lett kan spreie desinformasjon.

  • Eg veit at journalistikk som blir formidla i sosiale medium, når nye brukargrupper, og eg kan bruke denne innsikta i eigen produksjon.

  • Eg forstår kvifor journalistikk som tek i bruk VR og AR har ein sterk appell til kjenslene våre, og eg kan reflektere over presseetiske utfordringar som kan oppstå når nyheiter blir formidla på denne måten.

  • Eg kan bruke nye medium og forteljemåtar i produksjon av eigne nyheitsforteljingar.

Nokre viktige fagomgrep

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2022

Læringsressursar

Journalistikk i ei ny tid