Hopp til innhald

Fagstoff

Føremålet med observasjon

Observasjon blir nytta for å vurdere barnegruppa og trivselen og den allsidige utviklinga til enkeltbarnet, slik at vi kan leggje til rette for ein praksis som bidreg til nettopp dette. Observasjon bidreg til auka innsikt og forståing for barn og dei prosessane og samanhengane barnet inngår i.
To jenter som går etter kvarandre ute i skogen. Dei har hendene bøygde framfor brystet. Den første jenta lagar grimasar, den andre jenta smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremålet med observasjon

Observasjon gir deg moglegheit til å få innsikt og forståing for barnet og barnegruppa i det miljøet dei er i. I arbeidet med barn og unge skal du nytte observasjon for å vurdere barnegruppa og trivselen og den allsidige utviklinga til enkeltbarnet.

Vi nyttar observasjon for å få innsikt og forståing for

  • barnet og barnegruppa

  • korleis barn opplever livet sitt

  • korleis det er å vere eit aktivt og handlande barn i institusjonen

  • korleis miljøet verkar inn på utviklinga og læringa til barn

  • læringa, samspelet, leiken og trivselen til barn

  • kva og korleis barn meistrar

  • kva som er barna sitt potensial og moglegheiter

Observasjon blir òg nytta

  • for å oppdage barn som treng hjelp og støtte

  • som grunnlag for samarbeid med barnas føresette og andre instansar

  • for å hjelpe oss til å få ny kunnskap og utvikle oss sjølve i arbeidet med barn og unge

  • til refleksjon og vurdering, endring og utvikling av pedagogisk praksis

  • som utgangspunkt for planlegging av det pedagogiske arbeidet

  • for å leggje til rette for ein praksis som bidreg til trivsel og allsidig utvikling

Observasjon er ein del av det didaktiske arbeidet. Vi nyttar observasjonar som utgangspunkt for å planleggje det pedagogiske arbeidet i kvardagen til barnet og barnegruppa.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor skal vi observere når vi arbeider med barn og unge?

  2. På kva måte kan vi nytte observasjon for å endre og utvikle det pedagogiske arbeidet?

  3. Kva innsikter og forståingar kan du få ved å observere?

Kjelde

Frønes, M. H. (2019). Med blikket som redskap. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.), Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 79–90). Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2021

Læringsressursar

Observasjon