Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på å nytte sansane

Alt observasjonsarbeid handlar om å nytte sansane. Dette er ei øving i å bli meir medviten kva du sansar. Her får du øve på å vere mentalt til stades, med skjerpa sansar.
Ei jente som ligg med hendene bak hovudet og ser ut i lufta med eit svakt smil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sit på ein stol eller legg deg på golvet. Sit/ligg roleg under heile øvinga. Pust roleg inn og ut og start deretter å leggje merke til kva du sansar.

Del 1

  1. Sjå. Kva ser du? Fargar, former, linjer?

  2. Lytt. Kva høyrer du? Kva lydar legg du merke til? Lyder frå rommet, utanfor rommet. Lyder frå din eigen kropp, lyder frå sidemannen.

  3. Føl. Kva kjenner du med kroppen din? Hendene? Ansiktet? Leppene? Hovudet? Ryggen? Føtene? Magen? Kjenner du underlaget du sit/ligg på? Kjenner du kleda dine? Korleis kjennest det?

  4. Lukt. Kva luktar du? Korleis kan du beskrive lukter?

  5. Smak. Kjenn etter kva smak du har i munnen. Kan du beskrive smaken?

Del 2

Skriv ned det du har sansa. Del det med ein eller fleire medelevar.

  1. Sansa de det same?

  2. Kvifor sansar vi likt eller ulikt?

  3. Reflekter over

    • kva sansane våre har å seie når vi observerer

    • korleis de nyttar sansane i observasjonsarbeidet

    • om vi kan stole på sansane våre

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2021

Læringsressursar

Observasjon