Hopp til innhald

Fagstoff

Å observere

Vi må alltid hugse på at vi ikkje kan forstå barn lausrive frå dei samanhengane dei er ein del av. Når vi observerer, er det viktig at vi forstår korleis barnet og miljøet påverkar kvarandre. Derfor må observasjonen òg syne fram prosessar og samanhengar i det miljøet vi observerer.
Ein gut studerer ein løvetann gjennom forstørringsglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heilskapleg bilete

Tidlegare var det vanleg å observere delar av livet til barnet og konteksten barnet levde i, kvar for seg. I dag er det derimot vanleg at vi tenkjer at vi ikkje kan forstå barn lausrive frå dei samanhengane dei er ein del av. Ein viktig faktor når vi observerer, er derfor forståinga av påverknaden individet og miljøet har på kvarandre. Derfor må observasjonane våre òg vise prosessane og samanhengane i det miljøet vi observerer. Vi kan til dømes ikkje studere språkutviklinga eller den motoriske utviklinga til eit barn lausriven frå det miljøet barnet er ein del av.

Viss vi observerer delar av heilskapen, blir det ikkje like enkelt å sjå delane i samanheng med kvarandre. Til dømes treng det ikkje nødvendigvis å vere manglande ferdigheiter i leik som gjer at eit barn ikkje leiker. Det kan like gjerne vere at barnet ikkje meistrar språket som trengst i samspelet, eller at dei motoriske ferdigheitene som krevst for rørsle i leiken, ikkje er godt nok utvikla. Det kan òg vere at barnet ikkje meistrar dei sosiale ferdigheitene som trengst for å kunne delta i leik med andre, at leikemiljøet ikkje inspirerer, eller at dei andre barna ikkje inkluderer. Viss vi observerer berre "delar" av barnet, er det ikkje like lett å oppdage dette. Derfor må vi sjå delane i samanheng med kvarandre.

Observatøren

Vi observerer for å få innsikt og forståing. Når vi observerer, må vi vere klar over at vi er prega av forståingane, verdiane og haldningane våre. Vi har med oss tidlegare erfaringar og kunnskap. Vi ber òg med oss forkunnskap om barnet, barnegruppa og omgivnadene, og dette kan påverke resultata av observasjonen. Det er viktig at vi reflekterer over vår eiga forståing og teoretiske blikk.

Alt observasjonsarbeidet blir farga av korleis vi ser og oppfattar barn, barndom og utviklinga til barn. Dette påverkar både kva vi ser, og kva vi ser etter. Viss eit barn har fått stempel på seg som uroleg og vanskeleg i sosiale samanhengar, kan det påverke kva vi ser når vi observerer barnet. Det er derfor viktig at vi prøver å ikkje la oss påverke av dette, men prøver å fange situasjonen eller hendinga slik ho er no.

Ein vaksen barne- og ungdomsarbeidar speler spel med ei jente. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Deltakande observasjon – kvalitative observasjonar

For å forstå verda til barn og unge må vi prøve å sjå ho ut frå perspektivet til barna. Vi må sjå barna i dei samspela dei er del av. For å få til dette må du vere nær og tett innpå barna i dei ulike situasjonane og delta saman med dei. Som observatør blir du då ein del av den røyndommen du observerer.

Då er det viktig å vere klar over at både du som observatør og konteksten barna er ein del av, påverkar dei. Konteksten vil seie relasjonane, miljøet og kulturen barnet er ein del av. Når du observerer, må du derfor ta omsyn til kva som verkar inn på barnet i situasjonen. To spørsmål det er viktig å stille seg som observatør, er: "Korleis påverkar eg dette?" og "Kva innsikt og kunnskap har eg om det eg observerer?"

Etter at du har gjennomført ein slik observasjon, vil du som observatør umiddelbart skrive ned det du observerte. Det er viktig at du er klar over at det du har sett, observert og skrive ned, er den subjektive oppfatninga di. Det er måten du ser barnet, situasjonen eller hendinga på. Dei brillene du ser med, er farga av dei tidlegare erfaringane dine og forforståinga di.

Ikkje-deltakande observatør – kvantitative observasjonar

Når det er noko bestemt vi ønskjer svar på, eller viss vi har sett eit mønster som vi ønskjer å utforske nærare, kan det vere nyttig å ta i bruk ein metode der du som observatør vurderer barnet, situasjonen eller hendingar utanfrå. I slike observasjonar kan det dreie seg om førehandsdefinerte svarkategoriar eller standardiserte skjema som skal fyllast ut, og det blir stilt krav til nøyaktigheit hos observatøren.

Som observatør skriv du ned det du observerer undervegs i observasjonen. Observatørrolla er prega av avstand. Likevel vil barna i nokre tilfelle merke at dei blir observerte, noko som kan påverke handlingane til barna i situasjonen. For å vurdere kvaliteten på observasjonen er det viktig at du reflekterer over din eigen innverknad på det du observerer.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor må vi tenkje heilskapleg om barn og unge?

  2. Kva må du tenkje på og vere medvite som observatør?

  3. På kva måtar tenkjer du at du kan påverke ein observasjon?

Kjelde

Frønes, M. H. (2019). Med blikket som redskap. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.), Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 79–90). Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 30.06.2021

Læringsressursar

Observasjon