Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fotojakt

Når vi observerer, kan vi nytte digitale verktøy som foto, video og lydklipp som utgangspunkt for refleksjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet. I denne øvinga skal de gå på fotojakt og nytte bileta til å øve dykk på å tolke det de ser, og dokumentere arbeidet dykkar.
Bilete teke ovanfrå av føter i kvitgrå Converse-sko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta bilete av omgivnadene dykkar

  • Jobb saman i ei gruppe.

  • Ta bilete undervegs i prosessen.

  • Vel om de vil gå på tur i nærmiljøet eller i skogen, på stranda og liknande.

  • Vel dykk eit tema de vil fotografere. Det kan vere ulike geometriske former (trekant, sirkel kvadrat, rektangel og så vidare), skilt, ulike tre, eller de kan velje ein farge og ta bilete av det som til dømes er grønt. Ulike bygningar, dører eller vindauge, eller de kan fotografer årstida. Her er det berre å vere kreative!

Refleksjon

  • Vel ut nokre utvalde bilete som gruppa har teke. Korleis vil de tolke bileta? Kva ser de? Reflekter saman i gruppa om kva biletet viser.

  • Korleis de kan nytte foto i det pedagogiske arbeidet med barn og unge?

  • Korleis kan de nytte foto i observasjonsarbeidet?

Dokumentasjon

  • Vel ut og set saman ein dokumentasjon av dei bileta de tok. Bruk temaet de valde, som overskrift.

  • Lag deretter ein dokumentasjon over den prosessen de har delteke i. Bruk bileta de har teke undervegs i prosessen, og skriv kort kva de gjort, og kva erfaringar de har fått. Her skal de òg skrive kort om kva de kan nytte foto til i det pedagogiske arbeidet med barn og unge, og korleis de kan nytte foto i observasjonsarbeidet.

  • Del dokumentasjonen dykkar med andre på skulen. Heng han til dømes opp i kantina eller i gangen slik at fleire får ta del i arbeidet dykkar.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2021

Læringsressursar

Observasjon