Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på å sjå

Det kan vere vanskeleg å få med seg alt når du skal observere. Vi ser ofte berre det vi har fokus på, det vi har merksemda vår retta mot. Dette er det viktig at du er klar over når du skal observere andre, slik at du kan øve deg på å opne blikket. Her kan du øve på å sjå.

Refleksjon

Reflekter saman med ein eller fleire medelevar.

  • Kvifor det er så vanskeleg å sjå alt?

  • Kvifor kan vi sjå ting på ulik måte?

  • Når du observerer: Kva har det å seie at du har eit fokus for kva du ser etter?

  • På kva måtar vil forventinga di til kva du vil sjå, påverke kva du observerer?

Øv deg på å sjå

  1. Formuler ei problemstilling du ønskjer å få svar på. Nokre døme:

    • Kor mange har kvite t-skjorter, og kven er det som nyttar dei?

    • Kor mange går på raudt lys, og kven gjer det?

    • Kor mange tek heisen, og kven gjer det?

    • Kor mange nyttar kantina, og kva kjøper dei?

    Ver kreativ!

  2. Gjennomfør observasjon. Bruk omtrent éin time.

  3. Tolk og reflekter over det innsamla materialet.

    • Kva har du funne ut? Lag til dømes eit søylediagram for å illustrere funnen dine.

    • Kva fortel resultata? Ser du noko tydelege mønster? Er det nokon skilnad på gammal og ung, jenter og gutar? Er det nokon samanhengar? Kvifor meiner du at dette skjer?

  4. Del resultata og tolkinga di av resultata med resten av klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2021

Læringsressursar

Observasjon