Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tilrådingar for mat og måltid

Barn et fleire av måltida sine i barnehagen. Det er ansvaret til personalet å sikre at barn får riktig og nok mat. Personalet treng derfor å vite kva som er sunn og næringsrik kost. Dei må òg kunne lage enkle måltid og bidra til å skape hyggje og trivsel under måltidet.
Ulike sunne matvarer på eit bord, mellom anna belgfrukter, kjøt, brød, pasta, grønsaker og fisk. Foto.

Bli kjend med kostråda

Gå inn på nettsida til Helsenorge om kostråda frå Helsedirektoratet og les om kostråda. Svar deretter på spørsmåla.

  1. Kva er eit variert kosthald?

  2. Kvifor skal vi ha eit variert kosthald?

  3. Kva betyr det at vi skal ha ein god balanse mellom energi og forbruk?

  4. Kva typar mat inneheld grove kornprodukt?

  5. Kor mykje frukt og grønt bør du ete kvar dag?

  6. Kor ofte bør du ete fisk i løpet av ei veke?

  7. Kva meieriprodukt er magre?

  8. Kva typar matolje og margarin bør du velje?

  9. Kvifor skal vi avgrense bruk av salt i maten?

  10. Kva er beste tørstedrikk?

  11. Kor mange minutt bør du vere fysisk aktiv kvar dag?

Ansikt laga av grønsaker på ein kvit tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bli kjend med tilrådingane frå Helsedirektoratet

Gå inn på Helsedirektoratet si nettside om mat og måltid i barnehagen.

Individuell oppgåve

  1. Lag ei liste over tilrådingane frå Helsedirektoratet.

  2. Var det nokre tilrådingar som du ikkje hadde tenkt på før?

Gruppeoppgåve

  1. Jobb saman i grupper med cirka fire elevar. Fordel dei tolv tilrådingane mellom dykk.

    • Kvar enkelt les samandrag av grunngivingane for dei tilrådingane han/ho har fått tildelt, og lagar ei kort oppsummering av grunngivinga Helsedirektoratet gir.

    • Kvar enkelt deler informasjonen dei har fått, med resten av gruppa.

  2. Tilrådingar for mat og måltid i barnehagen er forankra i lovverket. Finn ut kva som står om kost og helse i dei følgjande lovene, og skriv ned det de finn ut.

    • barnehagelova, § 2

    • rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver, kapittel 1 om livsmeistring og helse

    • forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler mv., § 11 måltidet

  3. Lag ei skisse over korleis de vil gjennomføre matlaging og måltida for ein dag i barnehagen i tråd med tilrådingane frå Helsedirektoratet. I skissa skal de skrive korleis de vil gjere det, og grunngi vala. Dette skal vere med i skissa:

    • Kor mange måltid de vil ha.

    • Korleis de vil gjennomføre handhygiene før måltidet.

    • Korleis de kan fremje helse og mat- og måltidsglede under matlaging og måltidet.

    • Korleis de vil nytte matlaging og måltidet som pedagogisk arena.

    • Kva mat de vil lage og servere (i tråd med kostråda frå Helsedirektoratet).

    • Kor lang tid de vil nytte på det enkelte måltidet.

  4. Reflekter til slutt saman om kva de har lært som var nytt for dykk om mat og måltid i barnehagen ved å bli kjende med tilrådingane frå Helsedirektoratet.

  5. Diskuter og reflekter saman i gruppa:

    • Kva har det å seie at ein barne- og ungdomsarbeidar kan å lage mat og veit kva som er sunn og riktig kost?

    • Kvifor bør de kjenne til kostråda til Helsedirektoratet og tilrådingane om mat og måltid?

    • Kvifor bør de ha kjennskap til kva som står om mat og helse i lovverket?

    • Kva har de lært, som var nytt for dykk, ved å jobbe med kostråd, tilrådingane frå Helsedirektoratet og lovverket?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Måltid og matlaging