Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frukt i naturen

Frukt har mange fine fargar, former og fasongar. I denne aktiviteten skal du vere med på å gjere noko ekstra gøy med frukt på tur. Kva med å lage eit fruktfat med eit spesielt tema?
Fire bilete av fruktfat med ulike tema. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

Jobb saman i gruppe på tre–fire elevar. De skal planleggje og lage eit tema-fruktfat til tre–fire personar ute.

  1. Vel tema for fruktfatet.

  2. Finn ut kva frukter og anna utstyr de skal kjøpe inn.

  3. Teikn ei skisse for kva de skal lage.

  4. Finn ut kva det er viktig å tenkje på når de skal ha med dykk frukt på tur. Lag ein plakat med overskrifta "Trygg frukt på tur" og skriv inn kva de må passe på.

  5. Kjøp inn frukta og utstyret de skal nytte. Oppbevar det forsvarleg til gjennomføringa.

Gjennomføring, dokumentering og vurdering

  1. Finn eit eigna område ute og set i gang med å lage fruktfatet. Pass på at de gjennomfører etter plakaten de har laga om trygg frukt på tur.

  2. Dokumenter heile prosessen for gjennomføringa av aktiviteten. Vel sjølve kva dokumentasjonsform de vil nytte.

  3. Vurder aktiviteten.

    1. Kva gjekk bra, kvifor?

    2. Kva gjekk ikkje bra, kvifor?

    3. Kva vil de gjere annleis neste gong?

  4. Et og kos dykk med frukta. Smak gjerne på fruktfata til kvarandre.

Etterarbeid

  1. Kva næringsstoff inneheld fruktfatet dykkar? Er det i tråd med kostråda frå Helsedirektoratet?

  2. Helsedirektoratet tilrår sterkt at barnehagar og skular/SFO serverer grønsaker og frukt eller bær kvar dag. Finn ut kva dei grunngir dette med.

  3. Dersom de skulle gjennomført aktiviteten saman med ei gruppe barn:

    • Kva ville de ha gjort?

    • Kva ville de hatt fokus på?

    • Korleis kunne de fått barna med i prosessen?

    • Kva har det å seie at barn er med i prosessen?

    • Korleis ville de gjort det?

    • Kvifor ville de gjort det slik de tenkjer?

  4. Korleis kan du skape eit godt etemiljø som fremjar helse og mat- og måltidsglede for barn og unge ute i naturen?

  5. Hygiene og trygg mat er viktig når de jobbar med barn og unge. Korleis kan ein sikre god handhygiene og trygg tillaging av frukt ute i naturen?

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Måltid og matlaging