Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rolla di under matlaging og måltid

Haldningane dine til mat og måltid og veremåten din har mykje å seie for om barna opplever matglede, samhald og fellesskap, glede og meistring.
Ei gruppe ungdomar sit rundt ei jente som skriv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rolla til barne- og ungdomsarbeidaren

Når vi legg til rette for at barn får delta i matlaging og måltid, bidreg det til at barna får erfaringar med fleire ulike aktivitetar. Desse erfaringane fører til læring og utvikling på ulike område. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du bidra til at barna under matlaging og måltid opplever omsorg og tryggleik, at dei tør å utforske, og at dei opplever meistring og glede.

I desse oppgåvene skal du reflektere over di eiga rolle i matlaging og ved måltid.

Oppgåve 1. Individuell refleksjonsoppgåve

Tenk tilbake på din eigen barndom.

  • Kva syntest du var ein god måltidssituasjon? Kva gjorde at dette var ein god situasjon for deg? Kva gjorde dei vaksne?

  • Var det nokon matvarer du ikkje likte eller ikkje ville ete? Kva var årsaka til at du ikkje likte dette? Liker du desse matvarene i dag?

  • Var det matvarer du ikkje kunne ete på grunn av tradisjonar, kultur, religion, livssyn eller allergiar?

  • Beskriv ein god måltidssituasjon for deg i dag. Kva må vere til stades for at du skal oppleve glede og hyggje rundt måltidet?

Oppgåve 2. Grupperefleksjon/kafédialog

Denne oppgåva kan de gjennomføre som ein kafédialog.

Lag stasjonar i klasserommet. På kvar stasjon ligg det kulepennar og eit stort ark i A2-format eller større. Alle gruppene som kjem til dette bordet, skriv inn refleksjonane sine her. Når de har kafédialog, er det fint om det er litt drikke og noko sunt å ete på dei ulike stasjonane.

Del klassen i fire grupper som startar på kvar sin stasjon. På kvar stasjon diskuterer de spørsmåla som ligg der. Etter ei viss tid går gruppa til neste stasjon, og dette gjentek de til alle gruppene har vore innom alle stasjonane.

Byt på å vere gruppeleiar på stasjonane, slik at alle på gruppa får vere gruppeleiar på minimum éin stasjon. Gruppeleiaren har ansvar for at alle får dele synspunkta sine, og for at svara frå gruppa blir skrivne ned på arket.

Når de har gjennomført runden og alle gruppene har vore på alle stasjonane, oppsummerer kvar gruppe arket frå den stasjonen dei starta på, for klassen.

Spørsmål til diskusjon

Fordel spørsmåla på stasjonane.

  • Kva for nokre ulike mattradisjonar finst blant dykk?

  • Kva tenkjer de om matglede og sunnheit?

  • Korleis kan de bidra til å vareta eller auke matgleda til barn?

  • Korleis kan de bidra til at barna opplever glede og hyggje under måltidet?

  • Korleis kan de leggje til rette for deltakinga til barn i matlaginga? Kvifor skal barn delta i matlaging?

  • Korleis kan de leggje for medverknaden til barn i samband med matlaging og måltid?

  • Kva rammer og struktur tenkjer de det er viktig å ha under måltidet? Grunngi kvifor.

  • Korleis kan de bidra til inkludering og oppleving av tilhøyrsel i fellesskapen under matlaging og måltid?

  • Korleis kan de bidra til å auke sjølvkjensla og sjølvtilliten til barn under matlaging og måltid?

  • Kva utviklingsområde kan matlaging og måltid bidra til å stimulere?

  • Korleis kan de bidra til at barn får kjennskap til både norske mattradisjonar og tradisjonar frå andre kulturar gjennom matlaging og måltid?

Oppsummering i klassen

Kvar gruppe presenterer den plakaten dei starta på, for resten av klassen.

Diskuter til slutt i klassen: Kvifor har rolla dykkar som barne- og ungdomsarbeidarar så mykje å seie for barn ved matlaging og måltid?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2021

Læringsressursar

Måltid og matlaging