Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag enkle måltid

Å lage mat saman skaper trivsel og hygge. Måltidet er ein naturleg inkluderingsarena. Mange barn er opptekne av matlaging og vil gjerne sleppe til på kjøkkenet. Å lage mat og ete saman gir rike erfaringsmoglegheiter som stimulerer utviklinga på ulike område.
Tortillawraps med grønsaker og kjøt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Matlaging og måltid inne

I denne oppgåva skal de jobbe saman i ei gruppe og planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere matlaging og eit enkelt måltid saman med barn.

Inviter barn til skulen. Vel sjølve om de vil invitere barnehagebarn eller barn frå SFO.

Lag eit måltid og et saman med barna. Målet er at barna skal få ei triveleg stund saman med dykk. Dei skal oppleve glede ved å lage mat og ete saman med ungdommar på barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Oppgåve

  1. Lag ein plan. Planen skal seie noko om

    • kva de ønsker at barna skal oppleve og erfare i denne prosessen

    • kva de skal lage, og kvifor de lagar dette

    • korleis de vil gjennomføre matlaging og måltidet saman barna, og kvifor de vil gjere det på denne måten

  2. Gjennomfør matlaginga og måltidet saman med barna.

  3. Dokumenter heile prosessen.

  4. Vurder prosessen.

    1. Korleis gjekk planlegginga? Kva gjekk bra, kva kunne de eventuelt gjort annleis for at det skulle vorte betre?

    2. Korleis gjekk gjennomføringa? Korleis opplevde barna prosessen? Beskriv kva de gjorde, og vurder korleis det gjekk. Kva gjekk bra? Gi døme og grunngi kvifor dette gjekk bra. Kva kunne vore gjort annleis eller betre? Beskriv i så fall kva de kunne gjort annleis, og kvifor dette hadde vore ein betre måte å gjere det på.

Matlaging og måltid ute

Inviter ein annan klasse på skulen eller barn frå barnehage/SFO og ta dei med på ein tur der de lagar mat på bål eller primus saman. I tillegg skal de gjennomfører fysiske aktivitetar saman. Kanskje filmen om tillaging av laksewok i bålpanne kan vere til inspirasjon? Eit tekstsamandrag av filmen er tilgjengeleg under.

Tekstsamandrag av filmen

Filmen tek oss med ut i eit vinterlandskap der barn i 5–6-årsalderen lagar mat saman med ein vaksen. Barna hjelper til med å kutte opp ein laksefilet, pele reker og kutte opp grønsaker. Maten blir laga til på eit stort steikefat over eit bål. Barna får kvar sin porsjon i ei skål og ser ut til å kose seg med maten og med å vere saman ute.

Når filmen er ferdig, kjem det opp ein tekstplakat der det står "Vi sprer sjømatglede" og "fiskesprell.no".

Oppgåve

Jobb saman i ei gruppe. Lag ein plan, gjennomfør, dokumenter og vurder prosessen.

  1. Planen skal seie noko om

    • kva de ønsker at ungdommane eller barna skal oppleve og erfare med prosessen

    • kva mat skal de lage, og kvifor de vel denne maten

    • korleis de vil gjennomføre matlaginga og måltidet med ungdommane eller barna, og kvifor vil de gjere det på denne måten

    • kva aktivitetar de vil gjennomføre, og kvifor de vel desse aktivitetane

    • korleis de vil gjennomføre aktivitetane, og kvifor de vil gjere det på denne måten

  2. Dokumenter heile prosessen.

  3. Vurder planlegginga og gjennomføringa.

    1. Korleis gjekk samarbeidet i gruppa under planleggingsprosessen? Kunne noko vore gjort annleis? Beskriv i så fall kva og forklar kvifor dette ville gjort planleggingsprosessen betre.

    2. Korleis opplevde elevane aktiviteten, matlaginga og måltidet? Kva gjekk bra? Beskriv og gi døme på kva som gjekk bra, og grunngi kvifor dette gjekk bra. Kunne noko vore gjort annleis? Beskriv i så fall kva de kunne gjort på ein annan måte, og forklar kva som kunne vore ein betre måte å gjere det på.

Refleksjon

  1. Kva har du lært av å gjennomføre matlaging, måltid og aktivitetar?

  2. Kva vil du vere meir klar over neste gong du lagar og et eit måltid saman med barn?

  3. Korleis kan barn og unge medverke i matlaging og måltid? Kva bidreg medverknad til for den enkelte?

  4. Kva sanseopplevingar får barn og unge ved å delta i matlaging og måltid?

  5. Korleis kan du skape gode relasjonar til barn og unge? Kva bidreg gode relasjonar til?

  6. Kva samanheng er det mellom matlaging og måltid og god heilskapleg helse?

  7. Kva utviklingsområde kan stimulerast gjennom å delta i matlaging og måltid?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Måltid og matlaging