Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ungdom og mat

Ungdom treng eit regelmessig, sunt og variert kosthald som gir tilstrekkeleg med energi og næringsstoff til at dei veks og utviklar seg. Her får du fordjupe deg i temaet ungdom og kosthald og lage ein brosjyre med tips om korleis ungdom kan setje saman eit sunt kosthald.

Skulemateksperimentet

Sjå filmen om eit eksperiment der førsteklassingar et det same som to tiandeklassingar.

  1. I filmen Skolemateksperimentet ser vi at maten påverkar konsentrasjonen og uthaldet til barna. Kvifor er det slik?

  2. Har du eigne erfaringar med at mat gav deg masse energi i ein kort periode, og at du deretter vart slapp og trøytt? Kva mat åt du då?

  3. Har du erfart at mat gjer noko med konsentrasjonen og uthaldet ditt?

  4. Kva mat må du ete for å få nok energi til å gjennomføre ein god skuledag?

  5. Kvifor er frukost eit viktig måltid?

  6. Kvifor er det viktig å ete regelmessig? Kor lang tid bør det vere mellom dei ulike måltida?

  7. Kor lang tid bør vi setje av når vi skal ete?

  8. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar motivere ungdom til å ete sunn mat? Beskriv kva du vil gjere, og grunngi kvifor.

Ei dobbel brødskive med avokado, salat, tomat og raudlauk delt i to i eit matpapir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vurder næringsinnhald i din eigen lunsj eller matpakke

Ta med deg det du pleier å ete og drikke til lunsj, og vurder energi- og næringsinnhaldet.

  1. Beskriv kva lunsjen består av.

  2. Kva næringsstoff inneheld lunsjen din? Karbohydrat, feitt, protein, vitamin og mineral. Gå inn på nettsida Næringsstoffene i maten (helsenorge.no) dersom du er usikker på kva næringsstoff ulike matvarer har.

Refleksjon

  1. Gir denne lunsjen deg nok energi til at du held oppe konsentrasjonen og har energi til å delta resten av skuledagen?

    • Viss svaret er nei: Kva kan du erstatte noko av innhaldet med for at du skal få ein sunnare lunsj som gir deg meir energi?

    • Viss svaret er ja: Kva kan du gjere for å variere matpakka? Kva kan du erstatte noko av innhaldet med slik at du framleis får nok energi?

  2. Kva bør du tenkje på når du lagar matpakke for ein dag på skulen?

  3. Kva kan du ha i matpakka dersom du ikkje er glad i brød eller ikkje kan ete brød?

  4. Kva meiner du alltid bør vere med i matpakka for at ho skal freiste deg til å ete når det blir lunsjtid?

  5. Kvifor er det viktig å ete lunsj på skulen?

  6. Kva har det å seie at du et lunsj saman med medelevar?

Lag brosjyre

Gå inn på nettsida Ungdom og kosthold (helsenorge.no). Lag ein brosjyre som gir ungdom informasjon og tips om korleis dei kan ha eit sunt og variert kosthald som gir tilstrekkeleg energi og har eit balansert næringsinnhald.

Brosjyren må innehalde informasjon om kvifor ete frukost, frukt og grønsaker, kva tørstedrikk som er å føretrekkje, og tips til spennande og sunne matpakker.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2021

Læringsressursar

Måltid og matlaging