Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dokumentasjonen til barn

Teikningane til barn er ein dokumentasjon av kva barna har gjort, og kva dei tenkjer. Vi kan nytte teikninga og det konkrete uttrykket til barna til å reflektere over det pedagogiske arbeidet.
Barneteikning av ei jente i eit hus med to etasjar og trapp. Jenta har raud kjole og smiler. Det er eit fruktfat ved sida av henne. Huset har pipe med svart røyk. Det er gras utanfor huset og ein stor blå blomster. Ei stor, gul sol med smilefjes på himmelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikning er ein måte å uttrykkje seg på

Alt det som blir til konkrete uttrykk, reknar vi som dokumentasjon frå barna. Det kan vere teikningar, byggverk, leirefigurar, pinnar og steinar tekne med frå skogen. Det er dokumentasjon frå aktivitetane, leiken og relasjonane til barnet. Denne dokumentasjonen kan hjelpe barn til å fortelje om og dele historiene sine. Dei kan nytte han når dei skal forklare korleis dei har tenkt, eller sjølv forstå kva dei har lært.

Vi må sørgje for at dokumentasjonen til barna får ein synleg plass i kvardagen. Slik kan fleire ta del i det som skjer i kvardagen vår. I arbeid med barn og unge kan vi dokumentere både produkt og prosess. Vi kan fotografere undervegs, for å vise vegen fram til det ferdige produktet. Denne dokumentasjonen kan vi nytte som grunnlag for refleksjon. Barna og personalet kan då finne ut kva det er viktig å arbeide vidare med. Her kan vi òg sjå om vi må endre noko.

Oppgåver

Bruk teikningane nedanfor. Reflekter saman med ein eller fleire medelevar over følgjande spørsmål:

  1. Kva ser de på teikninga?

  2. Kva fortel teikninga dykk om kva barnet er oppteke av og interessert i?

  3. Korleis kan de nytte teikningane til barn for å forstå barn?

  4. Korleis vil de samtale med barnet som har laget teikninga? Kva spørsmål ville de ha stilt til barnet, kva er de nysgjerrige på å finne ut av når de ser på teikningane?

  5. Korleis kan de leggje til rette for at barn og unge får uttrykkje seg gjennom teikning?

  6. Korleis kan de motivere barn til å teikne?

  7. Korleis bør de som vaksne opptre for å ta vare på gleda barn har ved å teikne?

  8. Korleis kan de nytte teikningane til barna for å reflektere og vurdere det pedagogiske arbeidet?

  9. Kan de ut frå ei teikning tenkje på eit tema de kan arbeide vidare med?

Teikning nummer 1

Barneteikning av eit rosa slott med to lilla tårn. Oppe på taket ved tårna er det nokre små figurar. Over slottsporten er det eit felt med regnbogefargar og nokre glitrande hjarte-klistremerke. Utanfor slottet er det grønt gras, eit høgt tre og nokre blomstrar. Det er to prinsesser med langt, fargerikt hår. Den eine sit på ei grein i treet. Det er ei snakkeboble der ho seier "Kom igjen, her ser vi godt", skrive med typiske begynnarfeil i skriving. Ved foten av treet er det ein katt med ei snakkeboble der det står "Mjau".  På himmelen er det glitrande klistremerke av stjerner og fyrverkeri. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikning nummer 2

Barneteikning av seks Lego Ninjago-figurar i ulike fargar. Namna er skrivne under kvar av dei med typiske begynnarfeil i skriving. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikning nummer 3

Barneteikning av ein "hodvudfoting". Ein stor sirkel med smilefjes, korte armar med tre fingrar og bein ut fra hovudet. Auga er raude i midten, elles er det ingen fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2018, 28. juni). Pedagogisk dokumentasjon i barnehagen. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan-for-barnehagen/pedagogisk-virksomhet/dokumentasjon/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2021

Læringsressursar

Planlegging – didaktisk metode