Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegging av pedagogisk innhald

Det er fleire måtar å organisere det pedagogiske innhaldet, praksisen, på. Ein måte er å planleggje på førehand, og ein annan måte er å planleggje på grunnlag av den aktuelle situasjonen, her og no-planlegging.
To barn med arbeidshjelmar. Dei held eit stort ark i fanget og ser på dette saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planleggje på førehand

Vårteikn

Det er tidleg i april og barna har i mange dagar vore opptekne av at snøen blir borte og blomstrane som kikar opp frå marka.

Dei vaksne ser interessene til barna og ut frå denne observasjonen les dei seg opp på fagstoff om vårblomstrar og fleire ulike vårteikn i naturen.

Med utgangspunkt i interessa til barna lagar dei vaksne ein didaktisk plan med temaet "vårteikn". Dette passar òg fint med temaet natur, miljø og teknologi i rammeplanen. På denne måten kan dei vaksne introdusere eit nytt tema for barna, og ein didaktisk plan bidreg til ein tryggleik for dei vaksne i dette arbeidet. Planen bidreg til å halde fast på og vidareutvikle interessene til barna.

Når du har planlagt noko på førehand, har du ei skisse over det barna skal gjere i praksis. Du set då i gang ei handling med fokus på det pedagogiske innhaldet, det du ønskjer barna skal delta i og gjere. Innhaldet blir då dels bestemt ut frå dei vaksne si tolking av rammeplanen og dels ut frå interessene til barna.

Alt går ikkje etter planen

Sjølv om du har laga ein plan på førehand, vil det sjeldan bli akkurat slik du hadde planlagt det. Mellom anna vil humøret til barna, ulike opplevingar og forholdet mellom barna og mellom barna og deg påverke gjennomføringa.

Gjennom praksis vil du få fleire erfaringar med ulike situasjonar som kan oppstå når du gjennomfører noko du har planlagt, saman med barna. Desse praktiske erfaringane saman med eit fagleg kunnskapsgrunnlag vil gi deg eit overblikk og gjere deg trygg. Det gir deg moglegheit til å improvisere undervegs i det praktiske arbeidet.

Planar og medverknaden til barn

Det å ha planlagt på førehand gjer at vi har tenkt gjennom kva vi vil gjere, og kvifor. I arbeidet med barn og unge skal vi ta omsyn til medverknaden deira. Viss vi har fullt fokus på det vi har planlagt å gjere, kan vi risikere at vi gjennomfører noko utan å tenkje på eller ta omsyn til innspela og medverknaden til barna. Det gjer at vi mistar kontakten med det levde livet til barna. Det kan føre til at barna blir mindre motiverte og berre lærer å tilpasse seg omgivnadene i staden for å bli aktive utforskarar og deltakarar i fellesskapen.

Det er viktig at vi heile tida analyserer, reflekterer over og vurderer om det planlagde innhaldet samsvarer med det barna er opptekne av, motiverte for og det dei interesserer seg for. I det praktiske arbeidet skal vi heller ikkje følgje planar til punkt og prikke, som ein manual. Planane skal fungere som eit grunnlag som viser oss kvar vi vil når vi formar innhaldet i det daglege livet.

Ein liten gut smiler mens han prøver å få tak i ein raud sydvest som heng litt høgt på ein gammal trestamme. I bakgrunnen står tre andre barn med regnklede og snakkar saman framfor tåka. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planleggje på grunnlag av den aktuelle situasjonen

Å planleggje på grunnlag av den aktuelle situasjonen er òg ein naturleg måte å organisere arbeidet på. I mange situasjonar vil det vere uaktuelt å planleggje på førehand fordi det kan føre til noko heilt anna enn det som motiverer og interesserer barna i dei konkrete situasjonane. Når vi ikkje har planlagt på førehand, har vi større moglegheit til å vere til stades i augeblinken saman med barna. Det gir oss moglegheit til å gjennomføre interessante og aktuelle handlingar ut frå det som oppstår her og no.

Utforske vatn

Ein dag under måltidet eksperimenterer barna med vatn. Dei heller vatn opp til kanten for å sjå kor mykje vatn dei kan ha i glaset før det renn over. Dei studerer kva som skjer, og eit barn seier: "Vi prøver å putte noko i vatnet."

Den vaksne grip situasjonen og prøver å skape merksemd om elementet vatn. Den vaksne fortel at noko vil flyte, og noko vil søkke, og at heilt små dyr kan gå på vatnet.

Saman med barna planlegg dei vaksne at dei etter måltidet vil undersøkje dette grundigare. Dei planlegg å gå ein tur i skogen for å undersøkje og eksperimentere med ulikt materiell for å sjå om det flyt eller søkk i vatn, og sjå om dei ser ein vassløpar som går på vatnet òg.

Her og no-planlegging

Ei slik her og no-planlegging som i dømet over, gir plass til barna sine eigne undersøkingar og undring og opnar for ei umiddelbar oppleving av at det er meiningsfullt. Det gir barna moglegheit til å bidra med eigne tankar, idéar og initiativ. Ei undring og nysgjerrigheit som gir motivasjon til å forstå og å finne forklaringar på ulike fenomen.

Denne måten å arbeide på gjer at praksisen blir meir prosessorientert, i staden for ein praksis som på førehand har definert mål og innhald. Barna får større moglegheit til å gjere eigne undersøkingar, eksperimentere og stille spørsmål ut frå eigne interesser og motivasjon. Det er barna som skaper praksisen, det er dei som finn ut av kva dei skal gjere, og korleis dei skal handle. Denne måten å arbeide på viser at du har tillit til at barna sine eigne undersøkingar bidreg til trivsel og læring.

Ja takk, begge delar!

I ein kvardag med vekt på leik og sjølvvalde aktivitetar bør vi organisere arbeidet vårt slik at det er plass til begge desse formene for planlegging. Vi sikrar oss at vi tek omsyn til innspela og medverknaden til barn, noko som innbyr til barn si eiga utforsking og læring. Det gir større moglegheiter både for trivsel og læring. Barnet blir sett som eit menneske med eigne rettar og som aktør i eiga læring.

Utfordringar til deg

  1. Kva tenkjer du at det å planleggje ut frå den aktuelle situasjonen vil bidra til for barna?

  2. Kvifor er det naudsynt å ha rom for både planlegging på førehand og her og no-planlegging i arbeid med barn og unge?

  3. Kvifor er det naudsynt å ta omsyn til innspela, interessene og engasjementet til barn når de planlegg innhaldet i kvardagen til barna?

Kjelde

Boström, S. (2016). Fra børnehave til skole: Fra barn til elev. I M. Øksnes & E. Sundsdal (Red.). Læring (s. 117–141). Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2021

Læringsressursar

Planlegging – didaktisk metode