Hopp til innhald

Fagstoff

Didaktisk planlegging

Korleis kan vi planleggje det pedagogiske arbeidet? Den didaktiske relasjonsmodellen viser oss dei ulike faktorane vi må tenkje på og ta omsyn til i planleggingsprosessen, og at det er ein logisk samanheng mellom dei ulike faktorane.
Barn som formar med ulike typar materiell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Didaktiske modellar

Det finst fleire didaktiske modellar som blir nytta som utgangspunkt for planlegginga. Felles for alle modellane er faktorane

  • føremål/overordna mål

  • føresetnader

  • rammefaktorar

  • mål

  • innhald

  • arbeidsmåtar

  • vurdering

I barnehage, SFO, bustad og klubb nyttar vi ofte den didaktiske relasjonsmodellen, fordi vi skal planleggje for ei allsidig utvikling og ulike prosessar. Prosessane skal ta vare på behova barn har for omsorg, leik og aktivitet, og fremje læring og danning, og dei skal ta omsyn til medverknaden, interessene og engasjementet til barn. Det er litt annleis enn i skule der det blir planlagt for enkelte fag med læringsmål som høyrer til, og vurdering av undervisningsopplegg.

Den didaktiske relasjonsmodellen

Den didaktiske relasjonsmodellen viser oss at det er ein logisk samanheng mellom alle faktorane i modellen. Blir det endringar i ein av faktorane, får det konsekvensar for dei andre faktorane. Viss vi til dømes endrar mål eller innhald, får det konsekvensar for dei andre faktorane. Endrar rammefaktorane eller føresetnadene seg, verkar det inn på val av mål, innhald og arbeidsmåtar.

I denne modellen ser vi at faktorane er likeverdige, noko som betyr at vi kan ta utgangspunkt i det vi vil, når vi planlegg. Det overordna målet ligg over i heile planleggingsprosessen. Det betyr at det overordna målet (lover og rammeplan) skal ha innverknad på alle faktorane uansett kva vi planlegg. Vi skal ta utgangspunkt i det lovverket seier at vi skal gjere, og ut frå det planleggje eit innhald som bidreg til at vi tilfredsstiller krava i lovverket.

Ein modell med seks punkt der alle punkta er knytte til dei fem andre med linjer. Dei seks punkta er mål, arbeidsmåtar, innhald, rammefaktorar, føresetnader og vurdering. Over modellen står det "Overordna mål". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg

  1. Kvifor må vi planleggje i arbeidet med barn og unge?

  2. Kva for nokre ulike faktorar må du ta omsyn til når du skal planleggje det pedagogiske arbeidet?

  3. Korleis kan du nytte den didaktiske relasjonsmodellen når du lagar planar?

Relatert innhald

Kjelder

Gunnestad, A. (2014). Didaktikk for barnehagelærere. En innføring. Universitetsforlaget.

Lorentzen, R. (2019). Årsplanarbeidet til barnehagen. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.), Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 63–78). Universitetsforlaget.

Rønning, G. S. (2013). Rammeplan for barnehagen, hva så? Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Planlegging – didaktisk metode