Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk pedagogisk dokumentasjon

Pedagogisk dokumentasjon handlar om refleksjon og kritisk tenking rundt eigen praksis. Pedagogisk dokumentasjon kan bidra til å gjere oss meir medvitne i arbeidet og gir oss moglegheit til å endre praksisen vår til det betre.
Fire ungdommar i godt humør sit med gruppearbeid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuell oppgåver

  1. Korleis kan du dokumentere det arbeidet du gjer saman med barna?

  2. Kvifor skal vi dokumentere arbeidet vårt?

  3. Kva er pedagogisk dokumentasjon?

  4. Kva delar inngår i arbeidet med pedagogisk dokumentasjon?

  5. Kva kan pedagogisk dokumentasjon bidra til?

  6. I rammeplanen for barnehagens innhold og oppgaver (2017) står det: "Dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet skal inngå i barnehagens arbeid med å planlegge, vurdere og utvikle den pedagogiske virksomheten". Kva vil det seie?

Gruppeoppgåve

Intervju tilsette i ein barnehage. Finn ut korleis dei arbeider med pedagogisk dokumentasjon, og kva dei meiner dette arbeidet bidreg til.

Spør om de kan få ta bilete av korleis dei dokumenterer arbeidet sitt med barna, for å nytte det i dykkar eigen presentasjon av funna.

Lag ein presentasjon av funna dykkar, og presenter for klassen.

Diskuter i klassen

  1. Kva betyding har pedagogisk dokumentasjon for rolla di som barne- og ungdomsarbeidar?

  2. Kva betyding har pedagogisk dokumentasjon for barn og unge i ulike institusjonar?

  3. Korleis kan barn medverke i pedagogisk dokumentasjon?

Relatert innhald

Kjelde

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Utdanningsdirektoratet. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 14.03.2021

Læringsressursar

Planlegging – didaktisk metode