Hopp til innhald

Fagstoff

Pedagogisk dokumentasjon

Pedagogisk dokumentasjon er ein undersøkjande, pedagogisk tenkjemåte og praksis som kan bidra til at vi kan utvide forståinga vår av det pedagogiske arbeidet. Denne arbeidsmåten gir moglegheiter til forandringar, framdrift og fordjuping.
To barn, ei jente og ein gut, er utandørs og leiker med sand i eit leikeapparat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dokumentasjon

Når vi dokumenterer arbeidet vårt, gjer vi det synleg for andre. Dokumentasjon bidreg til at andre kan ta del i det som har vorte gjort. Vi vel kva vi vil dokumentere. I arbeid med barn og unge kan vi vise det som har skjedd, gjennom til dømes praksisforteljingar, teikningar, foto og video.

Når vi snakkar om dokumentasjon i arbeidet med barn og unge, handlar det ikkje berre om å samle hendingar som i eit fotoalbum for å vise fram kva vi har gjort. Hendingar frå praksisen vår i barnehage, SFO, bustad eller fritidsklubb blir til pedagogisk dokumentasjon når personalet og barna reflekterer og diskuterer over dei. Det er ein arbeidsmåte som handlar om å gjere det pedagogiske arbeidet synleg og ope for tolking, dialog, diskusjon og innsikt. Dette er eit utgangspunkt som gjer det mogleg å endre og forbetre vår eigen praksis slik at det blir god kvalitet og progresjon i det arbeidet vi gjer.

Pedagogisk dokumentasjon er ein arbeidsmåte der vi koplar saman verdiar, praksis, mandatet for verksemda og pedagogiske og filosofiske teoriar. Arbeidsmåten bidreg òg til at vi gjer det synleg korleis vi fortolkar og realiserer lovverket og rammeplanen.

Pedagogisk dokumentasjon

Føremålet med pedagogisk dokumentasjon er at vi saman med kollegaene ser og reflekterer over vår eigen praksis. Det er verdiane, haldningane og praksisen til dei tilsette, og dessutan det fysiske miljøet i verksemda, som skal vere gjenstand for refleksjon. Det er viktig å merke seg at hensikta ikkje er å vurdere og dokumentere ferdigheiter og kunnskapar, trivsel og erfaring hos enkeltbarnet. Vi kan bruke pedagogisk dokumentasjon for å sjå kva barna er opptekne av, for å forstå strategiane deira for læring og som grunnlag for å drive prosess- og prosjektarbeid.

Pedagogisk dokumentasjon er ein utforskande arbeidsmåte som består av å observere, dokumentere, dele, tolke, reflektere og gjere val. Det er ikkje nødvendigvis ei bestemd rekkjefølgje på desse delane, men dei opnar for ei undersøkjande og eksperimenterande haldning til vårt eige pedagogiske arbeid med barn og unge.

Observasjon

Planlegging skal vere basert på observasjon, står det i rammeplan for barnehagen. Det vil seie at føremålet med observasjon i pedagogisk dokumentasjonsarbeid er å la barna kome med stemmene, strategiane og forståingane sine. Dermed er det òg grunnlaget for medverknaden til barna i prosessane.

Når vi observerer, må vi tett på og observere nøye for å få auge på kva barna opplever som interessant, kva dei er nysgjerrige på, og kva dei blir engasjerte og motiverte av. Kva strategiar tek barna i bruk for å bli kjende med, utforske, forstå og skape relasjonar til materiala, stadene, fenomena og menneska dei møter?

Dokumentasjon av observasjonar

Du kan dele observasjonen du gjer, med kollegaer ved å fortelje munnleg om det du har observert, eller ved å nytte fotografi, video, teikningar, lydfiler, konstruksjonar eller observasjonsnotat. Når du har delt observasjonen, opnar det for at fleire kan ta del i det som du har lagt merke til. Det er viktig å vere klar over at dokumentasjonen ikkje viser ei bestemd sanning om ein situasjon. Ein observasjon er alltid farga av kven du er, og kva du ser. Det er eit utsnitt av det du har sett.

Gjennom å dokumentere synleggjer du barnesynet ditt, lærings- og kunnskapssynet ditt og kva du verdset og ikkje verdset. Barn er dei som leiker, lærer, utforskar, undrar seg og oppdagar, men det er du som vel å rette merksemda og blikket ditt mot det du tykkjer er interessant. Det er du som vel kva barn og kva situasjonar du dokumenterer. Derfor er det viktig at òg perspektiva dine blir gjenstand for refleksjon.

Deling

Når du gjer observasjonen din tilgjengeleg for kollegaer, har de moglegheit til å stille spørsmål ved og drøfte kva dokumentasjonen fortel dykk. Når du deler dokumentasjonen din, opnar du for nye spørsmål, tankar og løysingar slik at de saman kan skape meining i kvardagen. Føremålet med deling er å lære saman med andre og å utvikle dykk saman innanfor yrket. Det skaper nye erfaringar, idéar og tankar. Pedagogisk dokumentasjon skal bidra til at personalet ser institusjonen og dei praksisane som blir utøvde der.

Ei lita gruppe studentar som diskuterer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjon

Å reflektere handlar om å undersøkje og tenkje gjennom ulike sider ved eigne og andre sine handlingar, haldningar og idéar. Det kan bidra til at du utviklar både innsikt, kunnskap, forståing, haldningar og ferdigheiter.

I prosessen knytt til pedagogisk dokumentasjon handlar refleksjon om at du saman med kollegaene dine nyttar det innsamla materialet – dokumentasjonen – til å reflektere over tankar og handlingar i det pedagogiske arbeidet. Det er ein medviten og til dels styrt tankeprosess som utfordrar både ditt eige og andre sitt tankesett om korleis barna har det, og korleis dei lærer.

Ved å ha eit kritisk blikk på eigen praksis kan de gjennom refleksjon granske, utfordre og vurdere rolla dykkar i det pedagogisk arbeidet. Det gir moglegheit til å utforske korleis synet dykkar på barn og barndom, omsorg og leik, medverknaden til barn, erfarings-, lærings- og danningsprosessar kjem til uttrykk i utøvinga av praksis. Det gir moglegheit til å vidareutvikle synet og forståinga dykkar.

Refleksjon bidreg til at vi blir utfordra til å tenkje på og vurdere kva føresetnader i omgivnadene som har noko å seie for trivselen og utviklinga til barn, og korleis desse føresetnadene kan endrast. For å undersøkje dette kan de stille følgjande spørsmål:

  • Tek vi vare på barnet som subjekt, med rett til aktiv deltaking i leik, lærings- og danningsprosessar?

  • Handlar vi i tråd med eit barnesyn der alle barn blir sett som kompetente, med evne, vilje og lyst til å utforske, leike og lære?

  • Skaper vi arenaer for utforsking, fordjuping og forståing?

  • Baserer vi arbeidet vårt på ei haldning om at læring skjer når barnet er aktivt, og når det får moglegheit til å undersøkje noko, utvide forståinga si eller fordjupe seg i det som verkar spennande og interessant?

  • Korleis tek vi vare på medverknaden til barn i det arbeidet vi gjer?

  • Tek vi utgangspunkt i erfaringane, interessene, synspunkta og initiativa til barna når vi vel og gjennomfører tema, prosjekt og i det daglege arbeidet?

Refleksjon saman med kollegaer bidreg til mange blikk og stemmer for å undersøkje og belyse dokumentasjonen. Det vil òg vise oss at det ikkje finst éi sanning om barn, kva dei er opptekne av og interesserte i, eller kva vegar ein prosess eller eit prosjekt kan ta.

Tolking og val

Kva du bestemmer deg for å observere og dokumentere, blir gjenstand for tolkingar og vurderingar og til slutt val. Å tenkje, tolke og gjere val er noko av pedagogikkens vesen. I arbeidet med barn og unge vil du ta både aktive og mindre aktive val som har konsekvensar for barna.

Gjennom pedagogisk dokumentasjon får du og kollegaene dine moglegheit til å bli meir medvitne og dermed òg moglegheit til å korrigere og endre eigen praksis. Det er derfor viktig at de får fram fleire perspektiv og opnar for fleire tolkingar for å forstå kompleksiteten i arbeidet de gjer.

Ny forståing og kunnskap gjer det mogleg for oss å endre handlingane og arbeidsmåtane våre og det innhaldet som møter barna i kvardagen. I pedagogisk dokumentasjon handlar val om prøve å endre eigne handlingar, finne nye måtar å handtere situasjonar på og tilføre nye materiale og opplevingar. Dersom refleksjonen ikkje bidreg til val, vil refleksjonen vere mindre nyttig for organisasjonen, for barna og for familiane.

Gjer vi val på bakgrunn av refleksjonar og endrar handlingane våre og innhaldet, vil pedagogisk dokumentasjon bidra til å utvikle og forbetre det pedagogiske arbeidet og til å skape betre kvardagar for barn og unge.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan pedagogisk dokumentasjon bidra til ny kunnskap?

  2. Kva betyding har refleksjon knytt til pedagogisk dokumentasjon?

  3. Korleis kan vi observere korleis barn lærer?

Kjelde

Utdanningsdirektoratet (2018, 28. juni). Pedagogisk dokumentasjon i barnehagen. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/stottemateriell-til-rammeplanen/pedagogisk-dokumentasjon/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2021

Læringsressursar

Planlegging – didaktisk metode