Lag sjokoladekuler
Følg oppskrifta under og lag sjokoladekuler. Når de skal måle opp kor mykje de treng av kvar ingrediens, har de berre lov til å bruke ei kjøkkenvekt.
Ingrediensar
½ kopp smør
¼ oz kakao
4 ms sukker
3 dl havregryn
15 ml vatn
kokos til pynt
Tenk igjennom ...
Veg 1 liter vatn det same som 1 liter smør?
Slik gjer de
Finn ut kva dei ulike måleiningane betyr, og rekn om mengdene i oppskrifta til masse i gram.
Veg opp rett mengde av kvar ingrediens.
Bland alle ingrediensane, unnateke kokos, godt.
Rull massen til kuler og rull dei i kokos.
La kulene stå på ein kald stad mens de jobbar med oppgåvene nedanfor.
Rekn ut
næringsinnhald per kule
næringsinnhald per 100 gram
Foreslå andre ingrediensar de kunne valt for å gjere sjokoladekulene sunnare. Grunngi kvifor dette gjer kulene sunnare.
Tenk dykk at de skal pakke alle kulene de har laga, i éi eske.
Kor stort må volumet av eska vere? Kor mykje emballasje treng de?
Finn ut kva krav som blir stilte til emballasje som skal innehalde matvarer. Kva må de tenke på når de skal lage emballasje til sjokoladekulene? Sjå artikkel om emballasje og mat.
Lag eit tiltalande design på emballasjen. Få fram om sjokoladekulene dykkar er sunne/økologiske/Fairtrade eller anna som gjer dei "spesielle". Sjå artikkel om emballasje og produktmerking.
Lag ein etikett med næringsinnhald. Hugs merking av eventuelle allergen. Sjå Mattilsynets side om merking av allergen.
Lag ein rapport over det de har gjort.
Dette må vere med i rapporten:
utrekningar (vekt og næringsinnhald, emballasje)
utstyrsliste
framgangsmåte
bilete/figur
endringsforslag som gjer sjokoladekulene sunnare
Relatert innhald
Emballasje er det eit produkt er pakka inn i. Føremålet med emballasje på mat kan vere å forlengje haldbarheita, gi informasjon og reklamere.