Oppgåve
Høyr deg sjølv – næringsstoff
Desse oppgåvene om næringsstoff krev at du arbeider med stoffet mens du svarer.
- Skriv ei reaksjonslikning som viser korleis glukose blir danna.
- Forklar korleis eit glukosemolekyl og eit fruktosemolekyl kan gå saman og danne sukrose.
- Studer biletet av polysakkarida. Forklar kva som er forskjellane mellom dei.
- Kan du forklare kvifor ein tidlegare kalla glykogen for dyrestivelse?
- Kvifor bør vi ete mat som er rik på cellulosefibrar, når vi ikkje kan fordøye dei?
- Kva for eit grunnstoff finst i protein, men ikkje i karbohydrat eller feitt?
- Kan du tenkje deg kvifor det er vanleg å forvelle grønsaker før ein frys dei? (Å forvelle er å gi matvarer eit raskt oppkok.)
- Teikn to aminosyrer som reagerer og dannar ei peptidbinding.
- Teikn eit feittmolekyl. Kva er det som avgjer om feittmolekylet er metta eller umetta?
- Kvifor må maten vi et, innehalde feitt?
- Set opp ein dagsmeny frå og med frukost til og med kveldsmat som inneheld alle næringsstoffa kroppen treng.
- Set opp ein dagsmeny frå og med frukost til og med kveldsmat som inneheld alle vitamina og minerala kroppen treng.
- Set opp ein dagsmeny som viser kva du pleier å ete.
Samanlikn dei tre dagsmenyane, og finn ut om det vanlege kosthaldet ditt dekkjer behovet du har for næringsstoff, vitamin, mineral og sporstoff.
Måltid | Dagsmeny som inneheld alle naudsynte næringsstoff | Dagsmeny som inneheld alle naudsynte mineral og vitamin | Typisk dagsmeny for deg |
---|---|---|---|
Frukost | |||
Lunsj | |||
Middag | |||
Kveldsmat | |||
Anna (mellommåltid/snacks) |