Oppgåve
Oppsummeringsoppgåver om næringsstoff
Desse oppgåvene tek deg gjennom hovudpunkta i emnet om næringsstoff som får kroppen til å fungere. Oppgåvene eignar seg godt til repetisjon og gir deg ein fin sjanse til å teste kva du har lært, og finne ut kva du kanskje bør øve litt meir på.
Sjå på biletet, og lag ei forklaring til det. Forklaringa må innehalde følgande:
- byggesteinane til proteina
- dei ulike proteinstrukturane
- kva som bestemmer eigenskapane og funksjonen til proteina
- minst to døme på ulike protein
Kva næringsstoff innheld matvarene mykje av, og kva kan du bruke for å påvise dei?
- Kva er hovudoppgåvene til dei ulike næringsstoffa?
- Kvifor bør vi ete mat som inneheld cellulose, når kroppen ikkje kan bryte det ned?
- Kva betyr det at nokre aminosyrer og feittsyrer er essensielle?
- Kva skjer med næringsstoff som vi et, og som kroppen ikkje har behov for?
- Kva bestemmer kva eigenskapar proteina får?
- Lag ei oversikt over dei ulike vitamina. Fyll ut funksjonen deira i kroppen og kva som er gode kjelder til dei ulike vitamina.
- Kva er forskjellen på vassløyselege og feittløyselege vitamin?
- Kva er forskjellen på vitamin og mineral?
- Kvifor blir vatn rekna som eit næringsstoff?
- Kva er fordøying?