Hopp til innhald

Fagstoff

Emballasje og mat

Merkinga skal opplyse brukaren om emballasjen er meint for kontakt med næringsmiddel. Glas- og gaffelsymbolet er eitt av fleire merkealternativ og blir stadig meir utbreidd på skåler, boksar og øskjer av plast. Symbolet illustrerer at vara er eigna til kontakt med mat og drikke.
Symbol som viser eit glas og ein gaffel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vara kan òg få ei karakteriserande varenemning, til dømes brødpose eller matboks. Spesifikasjonen "for næringsmiddel" eller "for mat" oppfyller også forskrifta sitt merkekrav på dette punktet.

Foliar

Aluminiumsfoliar og plastfoliar er mykje nytta i privathushald. Ver nøye med å lese bruksrettleiingane for desse produkta ettersom dei kan innehalde viktige avgrensingar for bruk. Aluminiumsfolie er oftast ikkje eigna til kontakt med sure og salte næringsmiddel, plastfoliar bør kanskje ikkje komme i kontakt med feite næringsmiddel eller dei er ueigna til oppvarming i mikrobølgeomn.

Boksar og øskjer

Mange nyttar tomme isboksar, yoghurtbeger eller bærkorger til oppbevaring av matrestar. Emballasjen er i mange tilfelle berre vurderte ut frå tiltenkt bruk. Det kan til dømes vere at emballasjen ikkje er vurdert for bruk ved høge temperaturar.

Informasjon om bruksavgrensingar følger som regel ikkje med emballasjen som er rundt ferdigpakka mat. Slik emballasje bør derfor gjenbrukast til mat som ikkje skil seg frå det opphavlege innhaldet med tanke på surleik, feittinnhald eller temperatur. Det er ingen garanti for at det ikkje vil migrere (komme fri) kjemiske stoff frå emballasjen under andre forhold, som til dømes ved oppvarming av mat.

To isboksar og ei lita yoghurt-bøtte som er nytte til å oppbevare matrestar i. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tørkerullar

Ikkje alle tørkerullar er eigna til mat. Tørkepapir som er produsert av resirkulert papir, bør ikkje nyttast i kontakt med mat eller som "reservefilter" til kaffitraktaren. Resirkulert papir kan innehalde helseskadelege stoff som tungmetall og trykkfargerestar og er derfor berre eigna til å tørke hender og kjøkkenbenkar. Tørkepapir som blir nytta til å tørke av maten, bør vere produsert for slik bruk. Det vil seie at papiret bør vere merkt med glas- og gaffelsymbolet eller med ein tekst som seier at produktet er eigna for direkte kontakt med kjøtt, fisk eller andre næringsmiddel.

Oppvarming i mikrobølgeomn

Bruk av plastmateriale i mikrobølgeomn krev at plasten toler varme. Det kan vere lurt å sjå om bruk i mikrobølgjeomn står omtalt i bruksrettleiinga. Næringsmiddel må ikkje varmast i originalemballasjen dersom det ikkje er spesifikt oppgitt på pakken.

Pantbare gjenbruksflasker

Gjenbruksflasker skal ikkje fyllast med andre næringsmiddel enn det som vart tappa på dei frå mineralvassprodusenten si side. Gjer det til ein regel å legge flaskene rett i pantekassen!

Forbrukarkjemikal, som malingtynnar, skireins eller motorolje, som ein heller på flaskene, kan utgjere ein helsefare for den neste forbrukaren som nyttar flaska. Heller ikkje andre næringsmiddel med sterk lukt eller smak må hellast på flaskene ettersom stoffa kan setje seg fast i materialet. Sjølv om returflasker skal vere grundig kontrollerte, både med tanke på helsefarlege stoff og sensoriske avvik før ein fyller på dei att, må vi ikkje pante flaskene dersom vi er i tvil om kva for væsker som har vore oppbevarte på dei.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Matportalen.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Emballering og merking