Hopp til innhald

Fagstoff

Frivillige merkeordningar

Det finst lovpålagd merking av mat, men det finst òg ein del frivillige merkeordningar som produsentar kan velje å nytte seg av. Her finn du ei oversikt over dei vanlegaste.

Beskyttede betegnelser

Ei kvit, åttekanta stjerne i ein blå sirkel, med teksten "Beskyttet geografisk betegnelse" rundt. Illustrasjon.

Dette ei offentleg merkeordning som blir forvalta av Mattilsynet og Stiftelsen Norsk Mat.

Merket gir lovvern til namn på tradisjonelle matprodukt med særpreg som kjem frå eit bestemt geografisk område. Det finst tre ulike nemningar:

  • beskytta opphavsnemning

  • beskytta geografisk nemning

  • beskytta tradisjonelt særpreg

Merket skal sikre at forbrukaren får påliteleg informasjon om opphavet, tradisjonen og dei særeigne kvalitetane til produktet.

Nyt Norge

Ein figur med utsnitt av det norske flagget nedst. Øvst står teksten "Nyt Norge" i kvite bokstavar mot grøn bakgrunn. Illustrasjon.

Merkeordninga Nyt Norge blir òg forvalta av Stiftelsen Norsk Mat, og dette er det offisielle opphavsmerket for norsk mat og drikke.

Merket blir gitt til produkt som

  • er laga av norske råvarer

  • er produserte eller vidareforedla i Noreg

  • kan dokumentere at bonden har følgt strenge norske reglar som varetek omsyn til dyr, menneske og miljø

Merket skal gjere det lettare for forbrukarane å velje norske matvarer.

Spesialitet

Svart sirkel med gullkant med teksten "Spesialitet. Unik smak". I midten symbol som minner om skiltet for kulturminne. Under sirkelen er det loddrette strekar i fargane frå det norske flagget slik at heile logoen kan likne ein medalje. Illustrasjon.

Merkeordninga for spesialitet er eigd av Stiftelsen Norsk Mat og er eit informasjonsmerke som blir gitt til dei beste lokalproduserte produkta.

Merket står for "Garanti for spesiell kvalitet og matopplevelse", og det skal gjere det enkelt for forbrukaren å finne norske produkt med særlege kvalitetar.

Produkta må dokumentere at dei har særlege kvalitetseigenskapar når det gjeld råvarene, produksjonsprosessen og/eller vere laga etter særeigne eller lokale oppskrifter.

Brødskala'n

Rund sirkel delt i fire med eit kornaks på høgre side. Tre av dei fire delane er fylte. Rundt sirkelen står teksten "Brødskal'n, Grovhet 51–75 %". Illustrasjon.

Brødskala'n er ei frivillig merkeordning for mjøl- og bakeribransjen og er eigd av Baker- og konditorbransjens Landsforening (BKLF).

Merkeordninga skal gjere det lettare for forbrukarane å finne ut kor grovt eit brød er. Brødskala'n viser kor mange prosent heile korn, sammale mjøl og kli det er i brødet i forhold til total mjølmengd.

På emballasjen finn du eit Brødskala'n-symbol og dessutan grovskapgrad angitt i prosent (%).

Crossed Grain

Eit kornaks og ein strek dannar eit kryss i ein sirkel mot ein bakgrunn i oransjetonar. Illustrasjon.

Denne merkeordninga garanterer at produktet er glutenfritt.

Crossed Grain er ein europeisk standard, og for norske varemerke er det Norsk cøliakiforeining (NCF) som står for lisensieringa.

For å få lisensiering må produktet og produksjonslinja bli testa og godkjend i eit eksternt laboratorium.

Merkeordninga skal gjere det lettare og tryggare for forbrukaren å finne glutenfrie produkt.

Fairtrade

Ein svart firkant med ein silhuett av eit menneske som held rundt ein grøn og turkis sirkel. Under silhuetten er teksten "Fairtrade" skriven med kvite bokstavar. Illustrasjon.

Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som skal sikre rettferdig handel mellom produsentar i utviklingsland og importørar/forbrukarar i vestlege land.

Formålet med merkeordninga er å sikre betre lønns- og arbeidsforhold for dei tilsette, slik at dei har nok midlar til å investere i produksjonen, lokalsamfunnet og i arbeidet for berekraftig utvikling.

Fairtrade Internasjonal eig merkeordninga.

MSC-miljømerket

Ein blå rektangulær figur med omrisset av ein kvit fisk og teksten "Sertifisert bærekraftig sjømat MSC" og nettadressa www.msc.org/no. Illustrasjon.

MSC står for Marine Stewardship Council. Dette er ein organisasjon som jobbar for å hindre overfiske og sikre at det finst sjømat i framtida.

Det blå MSC-merket finst på sjømatprodukt som er garanterte å komme frå eit berekraftig fiske som oppfyller MSC-fiskeristandarden.

Merkeordninga skal dermed gjere det lettare for forbrukarane å velje fisk som kjem frå berekraftige fiske.

Nøkkelholet

Grøn sirkel med eit kvitt nøkkelhol i midten. Illustrasjon.

Nøkkelholet er ei felles nordisk merkeordning for sunnare matvarer.

For varer med nøkkelholmerket er det eit minimumskrav til innhald av fiber og eit maksimumskrav til innhald av feitt, sukker og salt.

Merkinga skal gjere det lettare for forbrukarane å setje saman eit kosthald som er i tråd med dei offentlege kosthaldsråda.

Ø-merket

Ein mørkegrøn figur forma som bokstaven Ø med teksten "Debio økologisk" skriven inni. Illustrasjon.

Ø-merket er ein garanti for at ei vare er økologisk dyrka. Omgrepet "økologisk" er verna, og varer kan berre omsetjast som økologiske når produsenten har godkjenning frå Debio.

Debio er eit kontrollorgan som på vegner av Mattilsynet utøver tilsyn med økologiske produksjonar i Noreg.


CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2023

Læringsressursar

Emballering og merking