Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Styrking av immunforsvaret

Du har kanskje opplevd at du lettare blir forkjølt viss du over ein periode har fått for lite søvn eller opplevd mykje stress? Kva andre faktorar er det som speler inn på immunforsvaret vårt, og korleis kan du som fagarbeidar motivere andre til å velje ein livsstil som styrkar immunforsvaret?
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å styrkje forsvaret til kroppen mot sjukdom er det viktig å gjere gode helse- og livsstilsval.

Oppgåve

  1. Les først artikkelen om korleis ein lagar ein haldningskampanje (lenkje under).
  2. Lag ein kampanje om korleis vi kan styrkje immunforsvaret. De vel sjølv kva verkemiddel de vil nytte for å nå målgruppa som er elevar i vidaregåande skule.
  3. Presenter kampanjen for klassar på ulike utdanningsprogram på skulen.
  4. Diskuter i klassen etterpå:

    1. Korleis var responsen frå elevane i dei ulike klassane då de presenterte kampanjen?
    2. Korleis ville de lagt opp kampanjen dersom målgruppa hadde vore barn, vaksne eller eldre?

Relatert innhald

Målet med haldningskampanjar er å påverke haldningar og åtferd hos bestemte målgrupper. Kampanjane speler på retoriske verkemiddel for å påverke oss.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020

Læringsressursar

Immunsystemet