Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stop motion-animasjon om immunrespons

Modellar er forenklingar av verkelegheita og nyttige verktøy for å forstå samanhengar. I denne oppgåva skal de setje saman bilete til ein stop motion-animasjon som viser korleis det spesifikke immunforsvaret nedkjempar infeksjonar.

Del 1. Førebuingar

  1. Arbeid saman i små grupper, og bli einige om kva prosess knytt til det spesifikke immunforsvaret de vil animere. Her er nokre forslag til prosessar:

    • korleis immunforsvaret nedkjempar ein bakterie med antistoff

    • korleis immunforsvaret kjenner igjen og drep virusinfiserte celler

    • korleis ein vaksine gir oss immunitet

    • fagocytose og aktivering av T-lymfocyttar

Tips!
Det kan vere lurt å fordele prosessane mellom gruppene i klassen. Då vil de ende opp med ei samling videosnuttar som de kan bruke til å repetere fagstoffet.

  1. Lag eit tankekart eller små skisser som samanfattar det animasjonen skal få fram. Tenk gjennom følgjande:

    • Kva immunceller deltek i prosessen?

    • Korleis kjenner immunforsvaret att eit antigen?

    • Kvar i kroppen skjer det som de illustrerer?

Del 2. Lag modell

Lag modellar av celler, stoff og mikroorganismar som kan brukast til å illustrere prosessen.

Hugs at ein modell er ei forenkling av verkelegheita. Dette gjer at alle modellar vil ha nokre sterke og nokre svake sider. De må derfor velje kva det er viktig å tydeleggjere i modellen dykkar.

Forslag til modellmateriell
  • utstyr til å skrive eller teikne steg for steg

  • Lego

  • leire/plastilin

  • godteri

  • frukt og grønsaker

  • ulike perler/knappar/steinar/klinkekuler

  • ulike typar tørre matvarer som spagetti, pasta, linser og erter

  • ulike typar papir

  • klistremerke

Modelltips!

  • Start med å lage immunceller, antigenreseptorar og antigen.

  • Sidan modellane skal brukast til å lage ein animasjon, må dei ulike komponentane kunne flyttast rundt.

Del 3. Set saman ein stop motion-animasjon

Bruk modellane de har laga, til å setje saman ein animasjonsfilm.

1. Ta bilete

Når du skal lage ein stop motion-animasjon, set du saman mange stillbilete av noko som bevegar seg litt for kvart bilete. Når du speler av bileta raskt etter kvarandre, ser det ut som om motivet bevegar seg.

Fordel arbeidet slik at éin tek bilete, og éin flyttar på dei ulike elementa i modellen.

Opptakstips!

  • Bruk stativ til mobil eller kamera. Stativa med muffer og klemmer på naturfagrommet eignar seg veldig godt.

  • Finn ein stad med godt lys.

  • Bruk manuelt fokus på kameraet. Zoom inn, og still fokuset.

  • Hald fingeren på utløysarknappen, og dytt varsamt med fingeren utan å ta han av knappen. Slik kan du unngå bevegelsar i kameraet. Mange kamera har også stemmestyrt utløysar.

  • Bruk ein ryddig og nøytral bakgrunn.

  • Skal du skrive eller teikne på ark, er det lurt å teipe det fast.

  • Ta mange bilete, gjerne hundre. Kvart bilete står berre i to ruter.

2. Set saman animasjonen

Når de er ferdige med å ta bilete, legg de dei i ei mappe på eininga dykkar og opnar programmet de skal bruke for å lage stop motion-filmen.

Samansetjing i Microsoft Bilder
  1. Opne Bilder, og opprett ein ny video (Ny video -> Nytt videoprosjekt).
  2. Legg bileta dykkar i prosjektbiblioteket.
  3. Plasser bileta i dreieboka (Plasser i dreieboken).
  4. Merk alle bileta.
  5. Klikk på Varighet, og skriv inn 0,2 sekund (prøv deg fram med varigheita til bileta).
  6. Spel av filmen, og sjå om de må gjere justeringar.
  7. Legg til musikk, effektar og titlar slik de ønsker.
  8. Når de er ferdige, går de til Fullfør video og lagrar videoen.
Samansetjing i Adobe Premier
  1. Opne programmet, og opprett eit nytt prosjekt (File -> New project).
  2. Importer mappa med bileta de har teke (File -> Import).
  3. Merk alle bileta i prosjektmappa, høgreklikk, og vel Speed/duration. Vel 00:00:00:02. Då vil kvart bilete stå i to ruter.
  4. Vel det første biletet i prosjektmappa, høgreklikk, og vel New sequence from clip.

  5. Merk resten av bileta, og trekk dei inn i tidslinja (sekvensen).
  6. Spel av og test ut filmen.
  7. Gjer eventuelle justeringar, og legg inn musikk/effektar, titlar og så vidare.
  8. Når de er ferdige, går de til File -> Export -> Media, gir fila eit namn og lagrar ho i ønskt format, til dømes .H264.
  9. Vel Export, og eksporter fila.

Del 4. Felles videovising

Arranger ei felles videovising i klassen der alle viser fram animasjonane dei har laga. Bruk gjerne eit evalueringsskjema der elevane kan evaluere kvarandre.

  • Viser animasjonane det som var formålet med oppgåva?

  • Kva er bra med dei ulike modellane?

  • Kva forbetringar kan gjerast?

Relatert innhald

Kart og simuleringar er eksempel på modellar som er forenklingar av verkelegheita. Modellane har avgrensa bruksområde og fortel berre delar av sanninga.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid, Thomas Bedin, Camilla Øvstebø og Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022

Læringsressursar

Immunsystemet