Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dramatiser ein immunrespons

Immunresponsen er ein kompleks prosess som involverer mange celletypar med spesifikke roller som blir utmanøvrerte på ulike stader i koordinert rekkjefølge. I denne aktiviteten skal de lære om immunresponsen ved sjølve å spele rollene som immunceller.
Teikning av celleaktivert immunrespons der mange celletypar er involverte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

De skal dramatisere ein spesifikk immunrespons.

Planlegging

  1. Del klassen inn i passe store grupper og fordel rollene i kvar gruppe. Gruppestorleiken kjem an på kor stor del av immunresponsen gruppa skal dramatisere. Rollelista kan enkelt tilpassast gruppestorleiken (sjå forslag til utviding nedst). Nokre av dei foreslåtte rollene kan òg vere rekvisittar.

  2. Set dykk inn i rollene. Kva funksjon har celletypen du speler? Kva for nokre andre celler skal du kommunisere med, og i kva rekkjefølge? Korleis går kommunikasjonen føre seg mellom cellene?

  3. Rekvisittar. Tenk gjennom om de kan bruke utstyr til å synleggjere strukturar og prosessar. Ein hanske på ei hand kan til dømes vere eit antigen, og eit reagensrøyr kan vere ein antigenreseptor. Her kan de vere kreative.

Forslag til rolleliste:

  • virus

  • B-celler

  • T-hjelpecelle

  • T-drepecelle

  • minneceller

  • fagocytt

  • virusinfisert celle

  • antistoff

Gjennomføring

  • De kan framføre immunresponsen for klassen eller spele han inn som ein video.

  • Ein variant er å dramatisere immunresponsen utan at rollene blir introduserte på førehand, og utan noka form for forteljarstemme. Resten av elevane kan då observere og etterpå komme med forslag til kva roller som vart spelte av dei ulike elevane.

Forslag til utvidingar

  • Ta omsyn til at dei ulike delane av immunresponsen skjer på ulike stader i kroppen. De kan til dømes setje av ulike delar av klasserommet til thymus, beinmerg, lymfeknute og infisert vev. To elevar kan spele rollene som høvesvis blod og lymfe og følge cellene til rett stad.

  • Rediger rollelista og dramatiser ein allergisk reaksjon.

  • Det finst ulike typar fagocyttar som kan ha litt ulike roller i immunresponsen, mellom anna nøytrofile celler, dendrittiske celler og makrofagar. Lag ei dramatisering som får fram forskjellen på desse celletypane.

CC BY-SASkrive av Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2022

Læringsressursar

Immunsystemet