Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – immunforsvaret

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i emnet om forsvar mot sjukdom.

Alle har eit immunforsvar

Når ein organisme blir angripen av ein mikroorganisme, altså eit smittestoff, kallar vi det for ein infeksjon. Alle organismar har eit immunforsvar som skal hindre og eventuelt kjempe mot infeksjonar.

Immunforsvaret til virveldyr

  • Immunforsvaret har mange komponentar:

    • kvite blodceller, mellom anna lymfocyttar og fagocyttar

    • løyselege stoff, mellom anna cytokin (signalmolekyl) og antistoff

    • ulike vev og organ som beinmerg, lymfesystem og slimhinner

  • Immunforsvaret kan delast inn i eit uspesifikt (medfødd) og eit spesifikt (tillært/erverva) forsvar. Figuren nedanfor samanfattar nokre hovudforskjellar.

Oversikt over immunforsvaret. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det uspesifikke forsvaret

  • Vi har mange ulike barrierar som hindrar dei fleste smittestoff i å kome inn i kroppen.

  • Fagocyttar er "eteceller" som reagerer omgåande mot smittestoff som kjem seg forbi dei ytre barrierane.

Fagocytose. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Fagocyttar aktiverer det spesifikke forsvaret ved å vise fram bitar av smittestoffet (antigenet) som T-cellene i det spesifikke forsvaret kan kjenne att.

Det spesifikke immunforsvaret

  • Alle dyr har ein type uspesifikt (medfødd) forsvar, men det er berre virveldyr som har eit spesifikt immunforsvar.

  • Det spesifikke immunforsvaret består av to typar lymfocyttar: T-celler og B-celler.

  • T- og B-cellene har antigenreseptorar som kjenner att antigen. Eit antigen er eit overflatemolekyl på ein mikroorganisme.

    • T- og B-cellene er antigenspesifikke. Det betyr at kvar enkelt celle kan kjenne att éin type antigen.

    • Vi har T- og B-celler for alle tenkjelege antigen, men berre nokre få celler av kvar type.

B-celler produserer antistoff

  • Antistoff sirkulerer med blodet og bind seg til det same antigenet (smittestoffet) som blei kjent att av B-cella.

  • Smittestoff som er merkte med antistoff, blir tekne opp av fagocyttar.

B-celler produserer antistoff som bind seg til smittestoff og merkjer dei for destruksjon av fagocyttar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
T-drepecelle kjenner att og drep virusinfisert celle. Illustrasjon.

Det finst fleire typar T-celler

  • T-drepeceller kjenner att og drep virusinfiserte celler.

  • T-hjelpeceller koordinerer aktiviteten til immuncellene. B-celler er avhengige av stimuli frå T-hjelpeceller for å produsere antistoff.

Gangen i ein spesifikk immunrespons

  1. Attkjenning og aktivering: Ein lymfocytt med rett antigenreseptor bind seg til antigenet og blir aktivert. B-celler bind seg direkte til antigenet. T-celler bind seg til antigen som blir presenterte av kroppen sine eigne celler.

  2. Mobilisering og kamp: Lymfocytten deler seg, slik at det blir danna ein hær av dotterceller som kan kjenne att og kjempe mot antigenet.

  3. Minne: Nokre dotterceller blir til minneceller. Desse bidreg til at smittestoffet raskt blir oppdaga og kjempa mot neste gong det kjem inn i kroppen.

Vaksinar

  • Ein vaksine stimulerer det spesifikke forsvaret til å danne minneceller og antistoff mot ein mikroorganisme.

Den spesifikke immunresponsen

Den spesifikke immunresponsen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vev og organ som deltek i immunforsvaret

Klikk på figuren for å repetere nokre vev og organ som er deltek i immunforsvaret. (Vi tilrår at du opnar figuren i fullskjermsvising.)

Allergiske reaksjonar og autoimmunitet

  • Ein allergisk reaksjon er ein betennelsesreaksjon som oppstår når immunforsvaret angrip ufarlege stoff, allergen. Typiske allergen er pollen og protein frå mat og husdyr.

  • Ein allergisk reaksjon gir omtrent dei same symptoma som ein infeksjon, til dømes rennande nase, utslett og kløe.

  • Ein sjeldan gong kan det spesifikke immunforsvaret gå til angrep på kroppen sine eigne celler. Denne tilstanden blir kalla autoimmunitet.

  • Autoimmunitet blir mellom anna forhindra ved at lymfocyttar som har reseptorar mot eigne celler, går gjennom programmert celledød.

Immunforsvaret hos plantar

  • Plantar har eit permanent forsvar av fysiske og kjemiske barrierar, akkurat som oss.

  • I tillegg har plantar eit indusert forsvar som blir aktivert når ein mikroorganisme kjem seg forbi barrierane.

  • Det induserte forsvaret baserer seg på at kvar enkelt celle kan kjenne att og setje i verk tiltak mot mikroorganismar.

  • Tiltaket kan vere å produsere antimikrobielle stoff, forsterke fysiske barrierar eller gå gjennom programmert celledød.

CC BY-SASkrive av Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022

Læringsressursar

Immunsystemet