Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver om immunforsvaret

Med desse oppgåvene kan du trene på viktige omgrep og det å beskrive prosessar knytte til immunforsvaret.

Oppgåve 1. Lett å blande saman

  1. Teikn og forklar desse omgrepa: antigen, antigenreseptor og antistoff.

  2. Kva er forskjellen på ein betennelse og ein infeksjon?

  3. Du må kunne halde greie på mange celletypar. Lag ei enkel oversikt som viser samanhengane mellom desse celletypane: fagocytt, lymfocytt, kvit blodcelle, B-celle, T-celle, minnecelle, plasmacelle, hjelpecelle, immuncelle og mastcelle.

Oppgåve 2. Klikk og dra

Oppgåve 3. Klikk og dra

Oppgåve 4. Klikk og dra

Oppgåve 5. Fleirvaloppgåver

Oppgåve 6. Ting tek tid

  1. Første gong kroppen blir infisert av ein mikroorganisme, kan det ta opptil to veker før immunforsvaret har fjerna mikroorganismen frå kroppen. Kva er grunnen til at det tek så lang tid den første gongen?

  2. Kva er grunnen til at det går raskare å fjerne mikroorganismen den andre gongen?

Oppgåve 7. Ulike komponentar i immunforsvaret

Kva betydning har følgande strukturar og celler for forsvaret til kroppen mot mikroorganismar:

  • lymfe og lymfeknutar

  • hud og slimhinner

  • fagocyttar

  • NK-celler

Oppgåve 8. Antistoff

  1. Kva betydning har det at antigenreseptoren til ei B-celle og antistoffet som B-cella produserer, bind seg til det same antigenet?

  2. Beskriv prosessen som fører fram til at kroppen produserer antistoff mot ein bakterie.

Oppgåve 9. Forklar kva som skjer

Skriv ein forklarande tekst til figuren. Bruk relevante fagomgrep.

Virusinfisert celle viser fram antistoff på utsida av cella. Ei drepecelle kjenner igjen antistoffet, fester seg til det og skil ut eit stoff som gjer at den infiserte cella dør. Drepecella slepp seg laus. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 10. Lett blanding

  1. Beskriv kva ein allergisk reaksjon er, og korleis han oppstår.

  2. Pek på to likskapar og to forskjellar mellom immunforsvaret til plantar og dyr.

  3. Beskriv tre forskjellar mellom ein uspesifikk og ein spesifikk immunrespons.

  4. Kvifor representerer bakteriar og virus ulike utfordringar for immunforsvaret?

  5. På kva måte utgjer fagocyttar eit bindeledd mellom det uspesifikke og det spesifikke forsvaret?

  6. På huda finst det eit samfunn av ulike mikroorganismar, dette blir kalla normalfloraen. Gi to døme på korleis normalfloraen kan bidra til å verne oss mot sjukdomsframkallande bakteriar.

  7. Kvar dag blir kroppen din utsett for mange potensielt sjukdomsframkallande organismar. Likevel er det berre ein sjeldan gong innimellom at du blir sjuk. Forklar kvifor.

CC BY-SASkrive av Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 18.04.2022

Læringsressursar

Immunsystemet