Hopp til innhald

Fagstoff

Autoimmunitet og allergi

Immunforsvaret må reagere raskt og nådelaust mot mikroorganismar og samtidig utvise toleranse mot eigne celler og harmlause stoff. Dette er ein hårfin balansegang. Autoimmune sjukdommar oppstår når immunforsvaret angrip eigne celler. Allergi kjem av at immunforsvaret reagerer på ufarlege stoff.
Ein mann balanserer på kabelbane i fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Toleranse mot eigne celler

I utgangspunktet har vi ein stor populasjon av T-celler med ulike reseptorar. Nokre av T-cellene er ubrukelege fordi dei ikkje kan binde seg til kroppens eigne . Andre T-celler er direkte farlege fordi dei kjenner att kroppen sine eigne protein. Desse T-cellene blir normalt fjerna ved apoptose (programmert celledød) i ein utveljingsprosess som går føre seg i thymus. T-cellene som overlever, er dei som kjenner att framande antigen.

Utveljingsprosessen er likevel ikkje heilt treffsikker, og vi har fleire sikringsmekanismar for å hindre angrep på eigne celler. Til dømes kan potensielt skadelege T-celler undertrykkjast av spesielle lymfocyttar som blir kalla regulatoriske T-celler. Ei T-celle kan også bli inaktivert dersom antigenreseptoren bind seg til eit protein utan at cella samtidig får signal om at det er fare på ferde. Ein sjeldan gong sviktar også desse sikringsmekanismane. Då kan det oppstå autoimmune sjukdommar. Døme på dette er diabetes type 1, psoriasis og leddgikt.

Røntgenbilete av krokete fingrar og foto av hud med flassande utslett. To foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Allergisk reaksjon – ein immunrespons mot eit ufarleg stoff

Jente med betennelsessymptom i hud og auge. Foto.

Vi er omgitt av mange stoff som i utgangspunktet er ufarlege. Av og til reagerer immunforsvaret på desse stoffa som om dei var sjukdomsframkallande mikroorganismar. Dette blir kalla ein allergisk reaksjon. Stoff som framkallar allergiske reaksjonar, blir kalla allergen. Protein frå pollen, husdyr, støv og nøtter er døme på vanlege allergen.

Den allergiske reaksjonen viser seg ofte som betennelsar i hud, auge og slimhinner i luftvegane eller fordøyingssystemet.

Korleis forårsakar eit allergen ein immunrespons?

Utgangspunktet for ein allergisk reaksjon er at ei T-hjelpecelle kjenner att eit allergen og stimulerer ei B-celle til å lage antistoff. T-hjelpecella er av ein litt annan type enn den som deltek i immunresponsen mot virus og bakteriar. Den viktige forskjellen er at denne T-hjelpecella stimulerer B-cellene til å lage ein antistoff-variant som kan binde seg til reseptorar på såkalla mastceller.

Mastceller er ein type kvite blodceller som finst i hud og slimhinner, nær blod- og lymfeårer. Mastcellene har fleire viktige funksjonar i immunforsvaret. Mellom anna bidreg dei i immunresponsen mot fleircella parasittar som flatormar og rundormar.

Korleis harmlause stoff kan framkalle ein immunrespons. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Neste gong allergenet kjem inn i kroppen, vil det binde seg til antistoff på mastcellene. Dette fører til at mastcellene slepper ut signalmolekylet histamin, noko som medfører auka blodtilstrøyming og væskesamling i vevet. Histaminet er førehandslagra i cytoplasmaet til mastcellene, og allergisymptoma kjem derfor omgåande. Allergimedisin består vanlegvis av antihistamin, det vil seie stoff som blokkerer effekten av histamin.

Transplanterte organ utløyser immunresponsar

MHC-protein finst på dei fleste kroppsceller og gjer det mogleg for T-cellene i immunforsvaret å skilje mellom friske celler og virusinfiserte celler og kreftceller. Denne prosessen er beskriven i artikkelen om den spesifikke immunresponsen.

Embryo i fosterhinne. Foto.

Eit særtrekk ved MHC-protein er at dei er litt ulike frå person til person. Med unntak av einegga tvillingar er det ingen personar som har identiske MHC-protein. Det er dette som er grunnen til at transplanterte organ blir angripne av immunforsvaret. For at ein transplantasjon skal bli vellykka, må immunsystemet til mottakaren derfor dempast med medikament.

CC BY-SASkrive av Johan Vikan, Kristin Bøhle og Per Odd Eggen.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2022

Læringsressursar

Immunsystemet