Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli kjend med regelverket

Når du skal jobbe i helse- og oppvekstsektoren, må du vere kjend med lover og reglar som regulerer arbeidet i desse sektorane, og allmenne spelereglar som gjeld i arbeidslivet. Korleis kan kunstig intelligens hjelpe deg med å bli kjend med regelverket?
Ein ung mann sit på ein sofa og held boka Norges lover i hendene. Framfor han er det ein parykk med kvitt, krøllete hår på eit stativ. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Spørsmål til kompetansemålet

  1. Kva betyr det at eit regelverk regulerer det arbeidet du skal gjere? Skriv med eigne ord kva dette betyr for arbeid i helse- og oppvekstsektoren. Lag gjerne ei teikning til forklaringa di.

  2. Kvifor er det nødvendig at du som skal arbeide i helse- og oppvekstsektoren, kjenner til og jobbar etter lovene og reglane som gjeld for sektoren?

Del 2: Bli kjend med regelverk i helse- og oppvekstsektoren

I denne oppgåva kan du bruke NDLAs praterobot. Prateroboten kan vere ein ressurs når vi skal få informasjon og kunnskap om noko, men vi må hugse på at han ikkje alltid gir korrekte svar. Vi må lære oss å vere kritiske til dei kjeldene vi bruker når vi hentar informasjon.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

1. Test NDLAs praterobot

Skriv spørsmåla under i prateroboten, og skriv ned svara du får.

  1. Kva regelverk regulerer arbeidet i helsesektoren?

  2. Kva regelverk regulerer arbeidet i oppvekstsektoren?

2. Sjekk andre kjelder

No skal du sjekke og vurdere om prateroboten gav deg informasjon du kan stole på, ved å sjekke andre kjelder.

  1. Gå inn på Helsedirektoratets nettsider om lover og forskrifter. Samanlikn oversikta over lovene med det prateroboten svarte om regelverk i helsesektoren. Er det dei same lovene?

  2. Gå inn på Utdanningsdirektoratets nettsider og vel Regelverk, tilsyn og tilskudd øvst til høgre. Samanlikn lovene med det prateroboten svarte om regelverk i oppvekstsektoren. Er det dei same lovene?

3. Kva gjeld i yrket ditt?

Dersom du har bestemt deg for å utdanne deg innan ei spesiell retning i helse- og oppvekstsektoren, kan du sjekke kva regelverk som gjeld for dette yrket ved hjelp av prateroboten.

  1. Skriv til dømes følgande inn i roboten: "Kva regelverk regulerer arbeidet til ein helsesekretær?"

  2. Byt ut yrket du valde i spørsmål A, med eit anna yrke innan helse- og oppvekstfag, og spør på nytt. Kva svar får du no?

4. Diskuter i klassen

  1. Var svara de fekk, nyttige og relevante med tanke på å bli kjende med regelverk i helse- og oppvekstsektoren?

  2. Var innhaldet rett og påliteleg (til å stole på)?

  3. Kva var rett, og kva var feil? Kva kan du gjere neste gong for å få rett svar, eller for å få stadfesta at du har fått rett svar?

  4. Kva konsekvensar kan det få dersom vi stoler heilt på kunstig intelligens?

Elevar i eit klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Forstå regelverket

Du kan bruke prateroboten til å forstå regelverket betre.

  1. Vel deg eit av regelverka i helse- og oppvekstsektoren du vil bli betre kjend med, og søk opp dette.

  2. Vel ein del av regelverket, legg det inn i prateroboten, og be han om å forklare det på ein enklare måte.

  3. Vurder teksten du fekk. Vart det enklare å forstå regelverket på denne måten? Kan du gi det att med eigne ord eller med stikkord?

  4. Vurder og diskuter innhaldet i svara de får, i klassen.

    • Var svara enklare å forstå?

    • Var svara nyttige for å forstå regelverket betre?

Jente framfor berbar pc. Illustrasjon.

Del 4: Lag ein tekst

Bruk prateroboten til å lage ein kort tekst tilpassa elevar på vg1 helse- og oppvekstfag. Teksten skal forklare lovverket og kvifor du som fagarbeidar må kjenne til lovverket i sektoren du skal jobbe i.

  1. Angi rolla til roboten, til dømes: "Ver ein barne- og ungdomsarbeidar i barnehage". (Byt ut "barne- og ungdomsarbeidar i barnehage" med det yrket du vil utdanne deg til.)

  2. Ver presis når du formulerer leieteksten. Til dømes: "Forklar kort lovverket ein barne- og ungdomsarbeidar som skal jobbe i barnehage, må kjenne til, og grunngi kvifor ein barne- og ungdomsarbeidar må kjenne til lovverket i arbeidet i barnehagen." Eller "lag ein kort tekst der du forklarer sentralt regelverk i arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar".

  3. Er du fornøgd med teksten du får? Viss ikkje kan du gi fleire instruksjonar til prateroboten. Til dømes: "Teksten må inkludere litt forklaring av lovverket i arbeidslivet."

  4. Vurder teksten du har fått. Gir teksten god nok informasjon om sentralt regelverk som regulerer arbeidet i helse- og oppvekstsektoren?

  5. Vurdering frå medelevar. Be ein medelev lese gjennom teksten. Be om å få tilbakemelding på om teksten er forståeleg, og om han gir ei fagleg grunngitt forklaring av sentralt regelverk i det yrket du har skrive om.

Del 5: Refleksjon

  1. Korleis bidrog prateroboten til at du fekk kunnskap om målet om å kunne gjere greie for sentralt regelverk som regulerer arbeidet i helse- og oppvekstsektoren?

  2. Korleis kan kunstig intelligens vere eit verktøy i læringsarbeidet på helse- og oppvekstfag?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2024

Læringsressursar

Lover og regelverk