Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spelereglar i arbeidslivet

Kan praterobotar hjelpe deg med å arbeide med kompetansemåla? Bruk NDLAs praterobot for å bli kjend med og forstå dei allmenne spelereglane i arbeidslivet.
Ein vaksen gir high five til ein gut mens eit anna barn stablar bokstavklossar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Spørsmål til kompetansemålet

Kompetansemålet seier at du skal "gjere greie for sentralt regelverk som regulerer arbeidet i helse- og oppvekstsektoren, og allmenne spelereglar som gjeld i arbeidslivet".

  1. Kva betyr allmenne spelereglar?

  2. Lag eit tankekart om det du kan frå før om dei allmenne spelereglane i arbeidslivet.

  3. Lag eit nytt tankekart om dei allmenne spelereglane i arbeidslivet når du har gjort oppgåvene under.

Del 2: Bruk praterobot

I denne oppgåva kan du bruke NDLAs praterobot. Prateroboten kan vere ein ressurs når vi skal få informasjon og kunnskap om noko, men vi må hugse på at han ikkje alltid gir korrekte svar. Vi må lære oss å vere kritiske til dei kjeldene vi bruker når vi hentar informasjon.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

1. Finn ut meir om allmenne spelereglar i arbeidslivet

  1. Be roboten forklare deg kva allmenne spelereglar i arbeidslivet betyr. Du kan til dømes formulere spørsmålet slik: "Kva betyr allmenne spelereglar i arbeidslivet?" Sjekk med ein medelev om de har fått same svar. Viss de har fått ulike svar, kan de sjå om det er nokre likskapar i svara, og etterpå vurdere kva svar de meiner best beskriv kva allmenne spelereglar i arbeidslivet er.

  2. Be roboten beskrive kva spelereglar som gjeld i arbeidslivet. Sjekk om svaret du fekk, stemmer overeins med svaret du fekk i spørsmål A. Viss svaret varierer mykje, kva trur du årsaka er?

  3. Finn ut om det er nokre lover som bestemmer spelereglane i arbeidslivet. Noter kva lover roboten oppgir. Sjekk med andre kjelder om dette stemmer. Diskuter svara med ein medelev og i klassen. Er dei like?

  4. Ta utgangspunkt i ei lov du fann i oppgåve C, og be roboten forklare ho på ein enkel måte. Deretter ber du roboten forklare ho på ein enkel og kortare måte. Til slutt kan du be roboten om å forklare det på ein endå kortare måte. Samanlikn svara du får: Gir dei like god meining? Kva alternativ ville du valt å bruke for å forklare denne lova?

  5. Noter stikkord om kvifor du som arbeidstakar må kjenne til dei allmenne spelereglane i arbeidslivet. Deretter spør du roboten om kvifor ein arbeidstakar må kjenne til spelereglane i arbeidslivet. Be roboten skrive det kort og i stikkordform. Samanlikn svaret du fekk, med dine eigne tankar. Kva er likt/ulikt? Skriv til slutt ned dei stikkorda du vil bruke for å grunngi kvifor du som arbeidstakar må kjenne til spelereglane i arbeidslivet.

2. Finn ut kva spelereglar som gjeld for yrket ditt

Vel eit yrke du vil utdanne deg til innan helse- og oppvekstfag.

  1. Be prateroboten beskrive spelereglane i arbeidslivet som gjeld for dette yrket. Snakk med ein medelev: Fekk de same svar? Vurder om svara de fekk, er gode for å forklare spelereglane i yrket dykkar. Samanlikn med svaret de fekk i oppgåve 1 A om allmenne spelereglar i arbeidslivet: Var svaret likt/ulikt?

  2. Still prateroboten spørsmål om teieplikt i yrket du har valt. Skriv inn spørsmålet "Kva betyr teieplikt i jobben for meg som barne- og ungdomsarbeidar?" (Byt ut "barne- og ungdomsarbeidar" med det yrket du vil utdanne deg til.)

  3. Kva var det her som er viktig for deg som fagarbeidar å kjenne til når det gjeld teieplikt? Skriv ned eigne stikkord baserte på teksten du har fått frå roboten. Deretter kan du be roboten skrive om teksten til stikkord. Samanlikn stikkorda dine og stikkorda til roboten. Kva stikkord er best for at du skal hugse kva teieplikt går ut på?

Pasient på båre blir trilla inn i ein ambulanse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Finn ut meir om etiske standardar i yrkeslivet

Bruk prateroboten til å bli kjend med etiske standardar i yrkeslivet. Be prateroboten svare på desse spørsmåla. Etter at du har fått svar, kan du be roboten om å skrive det på nytt på ein kort, enkel og forståeleg måte.

  1. Kva er etiske standardar?

  2. Kva etiske standardar gjeld i arbeidslivet?

  3. Kva etiske standardar gjeld spesielt for det yrket du ønskjer å utdanne deg til? Spør til dømes: "Kva etiske standardar gjeld i arbeidslivet for ein helsesekretær?" (Byt ut "helsesekretær" med det yrket du vil utdanne deg til.)

  4. Diskuter og samanlikn svara du får, med svara ein medelev har fått. Vurder om de får gode nok svar, eller om de kan stille spørsmåla på ein annan måte for å få svar som er meiningsfulle og forståelege.

Del 4: Diskusjon i klassen

Diskuter resultata de fekk, i klassen.

  1. Var svara de fekk, nyttige og relevante med tanke på å bli kjende med dei allmenne spelereglane i arbeidslivet?

  2. Var innhaldet rett og påliteleg (til å stole på)?

  3. Kva var rett, og kva var feil? Kva kan du gjere neste gong for å få rett svar, eller for å få stadfesta at du har fått rett svar?

  4. Kva konsekvensar kan det få dersom vi stoler heilt på kunstig intelligens?

Kvinner med berbar pc omgitt av robotar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5: Lag ein tekst

Bruk prateroboten til å lage ein kort tekst som forklarer allmenne spelereglar i arbeidslivet, og kvifor du som fagarbeidar må kjenne til og følge desse spelereglane.

  1. Angi rolla til roboten, til dømes: "Ver ein barne- og ungdomsarbeidar i barnehage." (Byt ut "barne- og ungdomsarbeidar i barnehage" med det yrket du vil utdanne deg til.)

  2. Ver presis når du formulerer . Til dømes: "Lag ein tekst som forklarer kort kva for nokre allmenne spelereglar som gjeld for ein barne- og ungdomsarbeidar som skal arbeide i ein barnehage, og grunngi kvifor barne- og ungdomsarbeidaren må kjenne til og følge desse spelereglane i arbeidslivet." (Byt ut "barne- og ungdomsarbeidar" og arbeidsstad med det yrket du vil utdanne deg til.)

  3. Er du fornøgd med teksten du får? Viss ikkje kan du gi fleire instruksjonar til prateroboten. Til dømes: "Teksten må inkludere litt forklaring av lovverket og spelereglane i arbeidslivet" eller "teksten skal skrivast slik at ein som ikkje har jobba i barnehage, kan forstå han".

  4. Vurder teksten du har fått. Gir teksten god nok informasjon om dei allmenne spelereglane i det yrket du har valt i helse- og oppvekstsektoren?

  5. Vurdering frå medelevar. Be ein medelev lese gjennom teksten. Be om å få tilbakemelding på om teksten er forståeleg, og om han gir ei fagleg grunngitt forklaring av sentralt regelverk og spelereglar i det yrket du har skrive om.

Del 6: Refleksjon i klassen

  1. Kva lærte de om dei allmenne spelereglane som gjeld i arbeidslivet, ved hjelp av prateroboten?

  2. Korleis kan roboten bidra til betre forståing av lover og regelverk?

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01-03). Fastsett som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/hsf01-03

Relatert innhald

Kunstig intelligens inneber at maskinene rundt oss blir stadig "smartare" og i stand til å løyse oppgåver som berre menneske kunne løyse tidlegare.

Du må tenke på roller, presist språk, kontekst, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar leietekstar for å generere tekst frå praterobotar.

CC BY-SASkrive av Siv Stai og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2024

Læringsressursar

Lover og regelverk