Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentasjon sikrar kvalitet

Gjennom dokumentasjon skaper vi samanheng mellom det som vart planlagt, det som er utført og det vidare arbeidet. For å kunne dokumentere, må vi mellom anna observere. Då er det lettare å oppdage eventuelle feil, manglar og avvik.
To pleiarar på rapportrommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I eit yrke der vi arbeider med menneske, er det spesielt viktig at det vi gjer, er fagleg forsvarleg. Gjennom dokumentasjon sikrar vi kvaliteten på det arbeidet vi utfører. I barnehagen observerer og dokumenterer vi barna si utvikling og korleis barnet er i samspel med andre. Det gjer det lettare å oppdage eventuelle avvik og setje i verk tiltak for å følgje opp der det er naudsynt.

Når vi dokumenterer viktige opplysningar, er det mogleg å etterprøve det som har blitt gjort. Dersom det er tvil om ein pasient har fått hjelp på riktig måte, kan vi gå tilbake i pasientjournalen og finne opplysningar om kva som faktisk vart gjort. Dette kjennest trygt å vite både for den personen opplysningane gjeld, og for han eller ho som har utført arbeidet og dokumentert dette korrekt. Dokumentasjon sikrar samarbeid mellom dei som utfører arbeidsoppgåvene, og mellom dei som leverer helse- og oppveksttenester og brukarane av desse tenestene. Det du dokumenterer, gir grunnlag for refleksjon over effekten av tiltak som er sette i verk.

Døme

Det er oppdaga eit sår hos ein pasient. Ein viss metode for sårbehandling blir nytta, og såret blir observert kvar dag i samband med stell av såret. Observasjonane blir noterte ned og samanlikna. Gjennom det som er dokumentert, kan ein reflektere over om metoden for sårbehandling fungerer. Det dannar grunnlaget for vidare arbeid. Nokre gonger kan ein dokumentere at det som vart utført, fungerer, mens ein andre gonger må endre mål og metode.

Utfordringar til deg

  1. Lag eit tankekart over fordelane med å dokumentere.
  2. Kva konsekvensar kan det få dersom vi lèt vere å dokumentere? Skriv ned fem døme.
CC BY-NC-SASkrive av Lene Fossbråten.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Lover og regelverk