Hopp til innhald

Fagstoff

Autorisasjon

Autorisasjon tyder offentleg godkjenning. Alt helsepersonell i Noreg må ha norsk autorisasjon eller lisens.
Tresko med teksten "godkjent". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Autorisasjon er ei godkjenning for å bruke ein bestemt yrkestittel, for eksempel ambulansearbeidar. Autorisasjonsordninga inneber at du etter fullførd utdanning må søkje om løyve til å utøve yrket ditt. Autorisasjonen viser at du har den faglege og formelle kompetansen som tittelen tilseier.

Kvifor er autorisasjon for helsepersonell påkravd?

Autorisasjon er ei stadfesting av at arbeidstakaren oppfyller dei krava som gjeld for yrkestittelen, fagleg og formelt. På den måten blir enkelte yrkestitlar beskytta mot misbruk. Autorisasjonsordninga bidreg til å sikre at den som gjer eit arbeid, har den nødvendige kompetansen. Det er viktig å sikre kvalitet i tenesta og tryggleik for brukaren.

Du kan lese meir om kva grupper av helsepersonell ordninga omfattar i lov om helsepersonell m.v. § 48. Informasjon og reglar knytte til kvar enkelt yrkesgruppe finn du på nettsidene til Helsedirektoratet.

Korleis får du autorisasjon?

Først gjeld det å greie og fullføre opplæringa. Søkjaren må i tillegg vere under 75 år og ikkje ha vist seg ueigna for yrket. Menneske med eksamen frå andre land kan også søkje om godkjenning på visse vilkår.

Søkjaren sender søknadsskjemaet til Helsedirektoratet for helsepersonell. Her blir alle søknader behandla, og søknaden blir godkjend eller avslått. Opplysningane blir samla i eit eige register kalla Helsepersonellregisteret.

Kva ansvar inneber det å ha autorisasjon?

Du må utføre arbeidsoppgåvene dine forsvarleg og etter dei reglane som gjeld. Du må følgje med og halde deg oppdatert på den utviklinga som skjer i faget. Som yrkesutøvar må du innsjå og godta di eiga faglege rekkjevidd, slik at du viser til nokon med nødvendig kompetanse for arbeidsoppgåver du sjølv ikkje er skikka til å handtere.

Tap av autorisasjon

Nokre gonger hender det at brukaren er misnøgd med den tenesta han eller ho mottek. I alvorlege tilfelle kan livet til brukaren ha vore i fare, for eksempel på grunn av feilmedisinering.

Bakgrunnen for at helsepersonell får åtvaringar, er ofte klage frå pasientar eller pårørande. Når det er så alvorleg at helsearbeidarar mistar autorisasjonen, er det gjerne arbeidsgivaren, politiet eller påtalemaktene som har reagert. Fylkeslegen tek imot klagene og vurderer om det er behov for å reagere mot ein yrkesutøvar.

Statens helsetilsyn kan trekkje tilbake autorisasjonen frå helsepersonell når dei vurderer det som nødvendig. Dette gjeld personar som ikkje lenger kan utføre yrket sitt forsvarleg. Eksempel her kan vere eigen sjukdom, langt fråvere frå yrket, bruk av rusmiddel, kriminelle handlingar og pliktbrot. Du kan lese meir om tilbakekalling av autorisasjon i lov om helsepersonell § 57.

Helsepersonell som frivillig ønskjer å gi avkall på autorisasjonen sin, kan sende ei skriftleg erklæring til fylkeslegen. Dersom ein seinare ønskjer ny autorisasjon, gjeld det for begge gruppene at dei må vise seg skikka for eventuelt å få eit slikt vedtak. Du kan lese meir om dette i lov om helsepersonell § 59.

Utfordringar til deg

  1. Kva er autorisasjon?
  2. Kva for yrkesgrupper innanfor utdanningsprogram for helse- og oppvekstfag må ha autorisasjon?
  3. Korleis går du fram for å få autorisasjon?
  4. Bruk lenkjene og finn fram søknadsskjema for autorisasjon. Kva blir det spurt om?
  5. Kvifor har nokre yrkesgrupper autorisasjon?
  6. Når og korleis kan du miste autorisasjonen din?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Tove Bostad.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Lover og regelverk