Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om lover og reglar?

I arbeid i helse- og oppveksttenester er det fleire lover og reglar du skal følgje kvar dag på jobb. Det er viktig at du er medviten om kva regelverket betyr, og at du veit kvar du kan finne informasjon viss du blir usikker.
Raudt paragrafteikn framfor mange kvite. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. I kva lov står det forklart kva teieplikt er?
  2. I kva lov står det om bruk av tvang?
  3. Må du som elev i YFF følgje lover og reglar i praksis?
  4. Kva konsekvensar kan det føre til om nokon bryt ei lov?
  5. Kvifor er det viktig med lover og reglar i helse- og oppveksttenesta?
  6. Kva heiter lova som regulerer rettane til ein pasient?
  7. Kva heiter lova som gjeld for elevar på skule?
  8. Kva lover gjeld for ein fagarbeidar på jobb?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen .
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020

Læringsressursar

Lover og regelverk