Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk praterobot for å forstå og endre tekstar

I denne oppgåva skal du prøve ulike teknikkar for å forstå og endre tekstar ved hjelp av ein praterobot.
Jente framfor berbar datamaskin. Illustrasjon.
Til læraren

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLA sin praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din.

For å få gode svar frå ein praterobot er det viktig at du lagar presise instruksjonar med ledetekstar (promptar). I denne oppgåva skal du øve deg på å bruke ulike leietekstar.

1. Trekk ut hovudpunkt frå ein tekst

Kva betyr eigentleg teksten du les? Forstår du din eigen tekst eller det nokon andre har skrive? Du kan bruke ein praterobot for å forstå ein tekst betre.

Instruks

Bruk to avsnitt av ein leksikonartikkel, til dømes artikkelen om kunstig intelligens på Store norske leksikon. Du skal få prateroboten til å trekke ut hovudpunkta frå teksten på minst to måtar. Kva for ein av leietekstane hjelper deg best med å forstå teksten?

Leietekstar for å trekke ut hovudpunkt frå ein tekst
  • Skriv eit kort samandrag av teksten.

  • Lag ei punktliste med hovudtrekk frå teksten.

  • Hent ut hovudtrekk frå teksten.

  • Skriv eit kort avsnitt om det viktigaste i teksten.

2. Forenkle innhald

Fagtekstar er ofte vanskelege å forstå og kan innehalde vanskelege omgrep, framandord og tunge, akademiske formuleringar. Du kan få hjelp av prateroboten til å forenkle ein tekst.

Instruks

Finn to avsnitt frå ein teoretisk tekst, til dømes teksten om feber på Store medisinske leksikon. No skal du be prateroboten om å forenkle teksten for deg, på minst to måtar.

Leietekstar for å forenkle innhaldet
  • Kan du skrive det på ein enklare måte?

  • Eg forstår ikkje, kan du skrive det enklare?

  • Kan du skrive det på ein kortare måte?

  • Kan du bruke færre framandord?

  • Kan du forklare det slik at ein vidaregåandeelev/tiåring/ nybegynnar forstår det?

  • Kan du skrive teksten i ?

  • Kan du skrive teksten med liks (lesbarheitsindeks) på 25–40?

3. Omformuler innhaldet


Nokre gonger kan du kan lure på kva noko eigentleg betyr. Då kan du be prateroboten om hjelp til å omformulere ein tekst.

Instruks

Vel deg ut eit tekstparti frå teksten "Hva skal til for at ungdom tror de kan gjøre en forskjell" på Forskning.no. Be prateroboten om å omformulere tekstpartiet minst to gonger.

  • Samanlikn originalteksten og tekstane som er genererte av prateroboten.

  • Kva for ein av dei genererte tekstane synest du er lettast å forstå? Kvifor er han lettare?

Leietekstar for å omformulere innhald
  • Kan du omformulere denne teksten?

  • Kan du seie dette på ein annan måte?

  • Kva betyr dette eigentleg?

  • Kan du seie det med andre ord?

4. Tilpass skrivestil

Du kan be prateroboten om å tilpasse skrivestilen til ein bestemd sjanger, eit kjent verk, skrive ein bestemd tekstdel eller skrive på ein bestemd måte.

Instruks

No skal du bruke ein av tekstane i oppgåvene over, eller du kan velje denne sida frå Statistisk sentralbyrå: "9 av 10 fikk oppfylt førsteønsket på studieforberedende".

  • Først skal du be roboten lage ei innleiing med ei temasetning om innhaldet i teksten.

  • Så kan du slå deg litt meir laus og be prateroboten samanfatte teksten og skrive i ein bestemd sjanger eller etter modell av eit verk.

Leietekstar for å tilpasse skrivestilen

Sjanger

Skriv eit dikt, ein fagartikkel, ei novelle, ein sonett, eit informasjonsskriv, ein reklametekst ...

Kjende verk

Eit kjent verk kan vere eit dikt, ein songtekst, ein roman eller ei novelle som er laga av ein kjend person eller ei kjend gruppe. Spør gjerne om eit verk du kjenner til, slik at du ser om det stemmer.

  • Kan du skrive ein songtekst om temaet til melodien "Alle fugler små de er"?

  • Skriv teksten i same stil som songen "Tusen tegninger" av Karpe.

  • Kan du skrive om teksten i stilen til diktet "Mauren" av Inger Hagerup?

  • Skriv teksten i same stil som romanen "Sult" av Knut Hamsun.

  • Skriv i stilen til [valfritt verk] laga av [opphavsperson(ar)].

Tekstdel

Skriv ei innleiing, ei avslutning, eit avsnitt, ei temasetning eller ein ingress om temaet.

Skrive på ein bestemd måte

  • Skriv formelt/akademisk/seriøst om temaet.

  • Skriv sarkastisk / humoristisk / på røvarspråk om temaet.

  • Skriv om temaet som om du er ein kjend person.

  • Skriv ein alvorleg tekst om temaet på rim.

  • Lag ei punktliste med fem punkt om teksten. Kvart punkt skal bestå av fem til femten ord.

5. Kombiner teknikkar

For å få effektive og målretta svar frå prateroboten kan du lage samansette leietekstar der du kombinerer fleire teknikkar. Sjå på teknikkane som er beskrivne i oppgåve 1–4, og prøv gjerne andre teknikkar òg.

Instruks

Bruk ein egen tekst du har produsert frå før, eller vel teksten på FNs nettsider om FNs bærekraftmål. Bruk prateroboten for å forstå eller omarbeide teksten.

Før du gir prateroboten eit oppdrag, tenk over følgande:

  • Kva lurer du på i teksten?

  • Kva kan prateroboten hjelpe deg med?

  • Kva treng du å "få ut" av denne teksten?

  • Lag ein leietekst der du ber om minst to ting. Gjer justeringar og spør på nytt eller gi fleire opplysningar til prateroboten ved behov.

Etter at du har gitt prateroboten oppdraget, tenk over:

  • Kva bad du om, og kva gjorde prateroboten?

  • Kva slags leietekstar og/eller teknikkar er nyttige for deg når du jobbar med tekstar?

Relatert innhald

Du må tenke på roller, presist språk, kontekst, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar leietekstar for å generere tekst frå praterobotar.

CC BY-SASkrive av Stina Grolid.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2023

Læringsressursar

Bruk praterobotar