Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Design tøymunnbind

Kan eit munnbind uttrykkje ein personleg stil? Prøv ut ulike design og lag dekor til tøymunnbind som kan brukast fleire gonger.
Nærbilde av ansiktet til en mann med mørkt blondt hår. Han har på et tøymunnbind som dekker munn, kinn, nese og hake. Bunnfargen på munnbindet  er sort, og motivet på bindet er hvite knokler lik dem vi har i nedre halvdel av ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

Du skal løyse to ulike oppgåver. Arbeidet bør du dele opp i fleire fasar:

  • Første steg er idéfasen med idéutvikling. Her er skisser og utforsking viktig. Lag minst fem skisser med ulike motiv og uttrykk per oppgåve. Lag di eiga form på munnbindet, eller bruk ein av dei vedlagde malane.
  • I neste fase skal du velje ut og vidareutvikle eitt eller to design frå idéfasen. Bruk eit grafisk program og lag ei grafisk framstilling av tøymunnbindet, strekt ut som vist i malane. I tillegg skal du lage ei skisse som viser eit ansikt som har på munnbindet, for å vise munnbindet i bruk.
  • Du skal dokumentere prosessen undervegs og skrive notat om arbeidet.
  • Til slutt skal du lage eit lite hefte der du samlar skisser, utprøvingar, notat og ferdige produkt.

Oppgåve 1: Lag eit mønster

Sjå for deg ei målgruppe, beskriv ho med omsyn til kjønn, alder, interesse og klesstil. Design deretter eit mønster som skal dekkje munnbindet og som kan appellere til målgruppa. Du kan i tillegg lage ein logo eller skrive eit namn på munnbindet om du vil.

Oppgåve 2: Lag merchandise

Lag tøymunnbind-merchandise til eit band, ein artist, eit idrettslag, ein russegruppe, til ein influensar eller liknande. Sett deg inn i den visuelle stilen til personen eller gruppa du skal lage merchandise for.

To malar for munnbind, med svarte strekar på kvit bakgrunn. Munnbindet til venstre er eit rektangel med to runde strikk til å feste rundt øyra. Munnbindet til høgre har ein meir avrunda fasong. Det har også to runde strikk til å feste rundt øyra. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3: Dokumenter arbeidet

Lag eit hefte der du viser fram både skisser og ferdige design, og der du forklarer arbeidsprosessen frå idé til ferdig design. Bruk bilete og tekst, og trekk inn faguttrykk.

Argument for

  • val av design
  • behova til målgruppa
  • visuell stil (gjeld oppgåve 2)

Filer

Informasjon om ulike munnbind

Det finst fleire typar munnbind. Felles for dei er at dei skal sitje tett til ansiktet, dekkje nase, munn og kinn og kunne trekkjast godt under haka.

Tøymunnbind

Tøymunnbind er laga av tøy, og produksjonen av dei har ikkje bestemte standardkrav. Det er heller ikkje klart kor godt tøymunnbind vernar mot smitte. Tøymunnbinda kan gjenbrukast etter vask, og dei skal vaskast etter at dei er brukte. Dei skal vaskast i vaskemaskina på 60 grader. Regjeringa viser til oppskrifta for produksjon av tøymunnbind laga av Standard Norge. Du kan laste ned pdf-en med oppskrifta gratis.

NRK Livsstil har intervjua Ingrid Vik Lysne, som viser ein framgangsmåte for å sy eigne munnbind.

Medisinske munnbind

Den andre hovudtypen munnbind blir kalla for medisinske munnbind. Desse kjøper du på apoteket. Det finst fleire klassifiseringar på munnbinda. Vanlege reisande skal bruke munnbind klasse I, som har god filtrering. Helsepersonell bruker munnbind med endå betre filtrering (klasse II, IIR) eller munnbind som er andedragsvern.

Kjelde: Folkehelseinstituttet 2020

Relatert innhald

Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2020

Læringsressursar

Innføring i grafisk design