Hopp til innhald

Fagstoff

Mønster

Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster. Her skal du lære å bruke fagorda i mønsterbygging.
Mappe med tekstil- og mønsterprøvar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mønsterelement

Ei form er alltid utgangspunktet for eit mønster. Formene vi gjentek i eit mønster, kallar vi for eit mønsterelement. Under ser du ei enkel geometrisk form til venstre, og til høgre ser du eit mønsterelement som er sett saman av organiske former.

To bilete. Til venstre ein stor, gul sirkel, til høgre stiliserte grantre i pastellfargar. Illustrasjon.

Rapport

Du kan setje mønsterelementet saman i ulike system. Ein rapport er den minste delen som du gjentek i mønsteret. Du kan samanlikne rapporten med ein byggjekloss som du bruker i mønsterbygging.

Til venstre dannar fire sirkelsektorar ei ny form. Til høgre er det eit utsnitt av grantre i pastellfargar. Illustrasjon.

Bord

Viss du gjentek rapporten i lengderetning, lagar du ein bord. Ein bord kan vere eller . I døma under er rapportane gjentekne horisontalt.

Til venstre tre ulike bordar med gule sirklar som er gjekne, til høgre tre ulike bordar med stiliserte grantre som er gjentekne. Illustrasjon.

Flatemønster

Gjentek du rapporten både i lengda og i breidda, skaper du eit flatemønster.

Til venstre er det gule sirklar som dannar eit flatemønster, til høgre dannar gjentaking av stiliserte grantre eit flatemønster. Illustrasjon.

Ornament

Eit ornament er eit formelement som kan stå åleine eller vere ein del av eit samansett mønster. Det blir brukt som dekor eller utsmykking. Formene blir gjentekne rytmisk. Du kan til dømes dreie dei rundt eit punkt.

To ornament, eit av gule sirklar og eit av stiliserte grantre. Illustrasjon.

Rotasjonssymmetri

Strikkemønster med åttebladrosei mørkegrønt og kvitt. Foto.

Når vi speglar ei form rundt eit midtpunkt, bruker vi rotasjonssymmetri. Då kan vi rotere mønsteret ein viss vinkel, utan at forma endrar seg. Åttebladrosa er eit godt døme på dette.

I filmen under ser du korleis vi kan bruke brikker og vinkelspegel til å prøve ut rotasjonssymmetri.

Mønsterbruk i tekstilar

Utforsk formuttrykk frå ulike tider

Formuttrykk blir påverka av stilar og mote. Dette gjeld òg for mønster. Søk til dømes på tapet frå 1970- og 1980-talet, og sjå kor ulik form- og fargebruken var.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Anita Neby.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022

Læringsressursar

Ornament og mønster