Hopp til innhald

Fagstoff

Ittens fargesirkel

Det finst ulike måtar å dele inn og beskrive fargar på. Johannes Itten har skapt ei fargelære som blir mykje brukt. Fargesirkelen til Itten har rein gul, raud og blå som utgangspunkt. Desse fargane blir kalla primærfargar. Vi kan blande dei og få sekundær- og tertiærfargar.

Ittens fargesirkel

Itten utvikla ein fargesirkel som har rein gul, raud og blå som utgangspunkt. Vi kan blande fram dei andre kulørte fargane. Sirkelen kan hjelpe oss til å finne harmoniar og kontrastar.

Ittens fargesirkel. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ittens fargesirkel er delt opp i:

  • 3 primærfargar: raud, gul og blå

    Dei kallast også grunnfargar, fordi det er fargar som ikkje er laga av ei fargeblanding.

  • 3 sekundærfargar: oransje, fiolett og grøn, som er blandingar av to primærfargar

    Raudt og blått, raudt og gult, gult og blått. Illustrasjon.
    Opne bilete i eit nytt vindauge
  • 6 tertiærfargar: blanding av ein primærfarge og ein sekundærfarge, som guloransje, raudfiolett og blågrøn.
Fargeblandingar som gir tertiærfargar. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du blandar måling, må du vere klar over at du får ein gråbrun farge viss du blandar alle tre primærfargane (blå, raud og gul).

Primærfargane, blå, raud, og gul, gir gråbrun. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning, Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022

Læringsressursar

Innføring i grafisk design