Hopp til innhald

Fagstoff

Lys-mørk-kontrast

Kontrast mellom lyse og mørke fargar skapar spenning i ein komposisjon. Kontrasten mellom kvitt og svart gir den største kontrasten mellom lys og mørke. Med kulørte fargar blir gul-lilla rekna som den største lys-mørk-kontrasten.
Eit lite, lyst felt som skil seg ut frå ein mørk bakgrunn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ulike farger kombinert med grått. Illustrasjon.

Gråtonane mellom svart og kvit opplever vi ulikt, alt etter kva for fargar dei står saman med. Ein mellomgrå vil sjå mørkare ut saman med kvitt enn saman med svart. På same måte vil ein mellomblå farge virke lysare saman med mørke fargar og mørkare saman med lyse fargar.

Valør

Vi kallar gråtonane mellom kvit og svart for valørar. Dei ulike gråtonane har ulik lysheit.

Trinnvis inndeling av gråtoner mellom svart og kvitt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi brukar også valør når vi beskriv lysstyrken i dei kulørte fargane. Lysheitsgraden i ein farge kan målast i forhold til gråtoneskalaen.

Gul er den lysaste fargen, og lilla er den mørkaste. Ved å blande inn kvitt eller svart endrar vi valøren i fargane og får ulike nyansar.

Grafikk av Munsell 1929 fargekart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lys-mørk-kontrast

Kontrasten mellom lys og mørk oppstår når lyse og mørke fargar blir plasserte saman. Dette kan du bruke til å skape spenning i ein komposisjon.

To kvinner på stranden. Tresnitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis blir lys-mørk-kontrasten brukt i bilete?

Søk etter bilete med lys-mørk-kontrast på nettet. Vurder korleis fargebruken styrer merksemda vår.

Finn du døme på den største lys-mørk-kontrasten med kulørte fargar: gul-lilla?

Relatert innhald

Lag ein enkel komposisjon og eksperimenter med lys-mørk-kontrasten. Bruk same valørar i gråtonar og i nyansane av ein kulørt farge.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2019

Læringsressursar

Innføring i grafisk design