Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Logodesign

Vel ein av oppdragsgivarane og lag ein logo som består av eit symbol og ein typografisk del med namnet til bedrifta.
Skisse til logo for eit hundemerke.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du lage logo til ei av dei tre bedriftene du får presentert nedanfor.

Bedrift 1: Ugh!

Ugh! produserer tidsriktige hovudplagg i tradisjonelle og religiøse former. Bedrifta ønskjer å verke einskapleg og human.

  • Einskap: Alle har dei same rettane, uavhengig av etnisitet, kjønn, klasse, religion eller politisk oppfatning.

  • Humanitet: Respekt for andre menneske, medmenneskelegdom, miskunn, forståing, respekt, varme og solidaritet.

Bedrifta ønskjer å bli assosiert med profilerte personar som har haldningar bedrifta kan assosiere seg med. Dei ønskjer å bli oppfatta som tydelege og sterke, og dei vil ikkje bruke meir enn fire fargar i logodesignet.

Bedrift 2: Digicurae

Digicurae lagar velferdsteknologi som gir menneske nye moglegheiter til å klare seg i heimen på eiga hand. Det omfattar mellom anna GPS for trygge spaserturar, varsling når pasienten forlèt senga, fallalarm, epilepsialarm, diabeteskontroll og trygg medisinering, og at menneske med demens får auka fridom ved hjelp av sporingsteknologi.

Bedrifta ønskjer å bli oppfatta som konservativ og trygg, med maks tre fargar i logodesignet.

Bedrift 3: Merute

Merute har sårbare menneske i fokus. Bedrifta tek i bruk naturen for å gi personar opplevingar som kan føre til at dei på sikt meistrar livet betre. Aktivitetane er varierte og kan vere alt frå den heilt enkle turen på eit par timar i nærmiljøet, til overnattingstur i fjellet eller padletur på havet.

Bedrifta er eit sosialt entreprenørskap, der alt overskot blir ført tilbake til bedrifta. Dei ønskjer å bli oppfatta som ei miljøretta og berekraftig bedrift. Imaget skal vere naturleg og positivt, og dei ønskjer ikkje meir enn tre fargar i logodesignet.

Del 1: Idéutvikling

Vurder kva informasjonen du har om kunden din, har å seie for verkemidla du skal velje til logoen. Kva typografi skal du bruke, kva symbol er relevante, og kva er passande fargar?

  • Lag ei idémyldringsliste og organiser idéane dine i eit tankekart.

  • Skisser ut ei mengd frimerkeskisser.

  • Kva skal visualiserast som kan forsterke namnet, og som også kan stå åleine der det er naudsynt?

  • Når du har funne ut kva du skal fokusere på, blir neste trinn å finne ut korleis dette designet bør formast ut for å få fram essensen.

Arbeid med fontar

Finn fram ulike fontar som kan vere aktuelle.

  • Bokstavane må vere lett leselege. Fonttypen du vel, vil seie ein del om kva slags verksemd logoen representerer.

  • Finn fram fleire moglege skrifter og test ut på målgruppa: Kva sender ut dei rette signala? Spør gjerne medelevar eller andre om kva dei assosierer med dei ulike skriftene.

Illustrasjon med døme på skrifter.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skisser i vektorprogram

  • Lag skisser både av symbol og typografi og kombinasjonar av desse i eit vektorprogram.

  • Sjølv om du har byrja å skisse på ei datamaskin, kan du alltid kan ta fram blyant og papir om du raskt vil teste ut måtar å gjere ting på før du held fram i programvara. Det kan spare deg mykje tid.

Del 2: Ferdigstilling av logo og døme på bruk

Lag ferdig eitt eller fleire forslag

Planlegg at du skal presentere for ein kunde. Då er det ikkje uvanleg å ha meir enn eitt alternativ. Mange vil seie at tre er eit gunstig tal.

Kanskje alternativa ikkje er så veldig ulike frå kvarandre, men kunden vil likevel føle at det er litt å velje i. Du må sjølvsagt argumentere for den versjonen du tilrår, samtidig må du også stå inne for dei to andre versjonane.

Når du har laga ferdig eit utkast til symbol, kan du også teste korleis det fungerer i miniatyr, til dømes i fana til ein nettlesar.

Del 3: Dokumenter prosessen din

Hugs å dokumentere og ta vare på utviklinga i prosessen.

  • Opprett eit dokument. Her viser du ulike idéar du har utforska nærare, men forkasta. Grunngi kvifor du har forkasta noko og gått vidare med andre idéar.

Vel ein logo som du gjer produksjonsklar

For å sikre at logoen kan nyttast på ulike område, er det viktig at han blir gjord produksjonsklar.

  • Tekst må gjerast om til objekt ("Create outlines" under "Type").

  • Kontur må utvidast ("Expand" under "Object").

  • Former som overlappar kvarandre, må sveisast saman dersom dei høyrer til same fargelag ("Unite" under "Pathfinder").

  • Organisering av rekkjefølgja til dei ulike fargelaga. Kva farge blir først montert, og så vidare.

  • Du kan bruke fargeovergang (gradient), men du må også ha ein versjon som kan skjerast ut i folie, og den versjonen kan ikkje ha fargeovergang.

  • Sjekk at du kan få tak i folie i ønskt farge.

Bruk berre websikre fargar. Du kan lese meir om webfargar hos Webressurs. I Illustrator må du krysse av for websikre fargar i fargepaletten for å sjå dei sikre fargane.

Innlevering

  1. Til web:

    • filformat PNG

    • web-sikre fargar

    • Logoen må tilpassast mørk og lys bakgrunn med dertil mørk og lys opak bakgrunn.

    • Logoen må tilpassast til å liggje utanpå bilete ved at han har transparent bakgrunn.

  2. Til trykk:

    • filformat PDF-print

  3. Til folieskjering:

    • filformat EPS

    • produksjonsklar fil

  4. Dokumentasjon av prosess

Folie

Logoen kan også produserast i folie og monterast på kartong i format 50 x 70 cm. Formatet kan vere liggjande eller ståande. Om du ikkje får tak i folie i heilt rett farge, vel du den som passar best.

Fotografi av tre elevar som jobbar med foliedekor.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Knut Ivar Andersen og Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Innføring i grafisk design