Legg merke til fargane rundt deg. Finn du motiv som har komplementære fargepar? Ta bilete der du eksperimenterer med ulike utsnitt. Prøv å kome nær motivet.
Ittens fargesirkel og komplementærfargar
Komplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Gul er komplementærfargen til lilla, grøn er komplementærfargen til raud og så vidare. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.
Komplementærfargar i komposisjon av bilete
Legg merke til korleis ein bestemt farge eller form kan få merksemd ved hjelp av komplementærkontrasten.
Komponer bilete med fargekontrastar
Eksperimenter med ulike komplementærfargar:
- Arranger motiv og bruk komplementærkontrast
til å skape blikkfang i biletet. - Fotografer motiv som har naturleg bruk av komplementærkontrasten.
- Gå nær motivet og lag utsnitt.
- Del bileta de er mest nøgde med, med kvarandre.
- Diskuter effekten av fargekontrastane.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2024