Hopp til innhald

Fagstoff

Praktiske tips til lydopptak, med døme

No skal du lytte til lydopptak og få tips til kva du kan gjere undervegs i ein intervjusituasjon. Bli med i kulissane bak eit lydintervju av Vegard Beider om hobbyen hans, som er å køyre og mekke motorsykkel.
Foto av ein mann med fargerik motorsykkeljakke og svart halvhjelm.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lær meir om lydopptak

Lær om lydopptak ved å lytte til og observere grep som er gjorde under opptaket av ein reportasje om ein som har motorsykkel som hobby. Les og lytt til lydklippa undervegs. Lydfilene har òg ein lydtekst med transkripsjon av det som blir sagt.

I ressursen høyrer du lyddøme på

  • klargjering av premissar
  • lydteknikk
  • kontentum
  • spørsmålsstilling
  • lydbilete

Klargjer premissar

Det første du bør gjere, er å avklare kva intervjuet skal brukast til, slik at premissane er klare. Lytt til eit døme på ei slik avklaring.

Klargjere premissar

0:00
-0:00

Lydteknikk

Gjer deg kjend med lydopptakaren før du dreg på opptak. Sørg for at du har nok batterikapasitet. Når du er klar for intervju, er det viktig at talen har god nok lyd. Talen til intervjuobjektet bør ligge cirka tre fjerdedelar opp på lydmeteret.

Nokre gonger kan du komme tilbake med slike lydklipp. Klarer du å plassere kva som er gale?

Lydnivå i eit intervju

0:00
-0:00

I dette lydklippet er det to vanlege lydproblem. For det første er lyden best på intervjuaren, som eigentleg er minst viktig i ein reportasje. Lyden er likevel ikkje perfekt. Lyden blir for høg, og han blir sprengd, noko som gjer at det er litt ubehageleg å høyre på, og kvaliteten blir dårleg.

I tillegg til sprengd lyd på intervjuet blir lydnivået på intervjuobjektet for lågt. Miljølyden blir for høg i forhold til stemma til Vegard. Vanlegvis kan vi stille opp lydnivået viss talen blir for låg, men dette vil ikkje løyse problemet heilt ut, då miljølyden blir for høg og forstyrrar.
Berre høyr her:

Skru opp lydnivå på tale

0:00
-0:00

Dei tre første sekunda høyrer du kontentumet med vanleg volum. Så høyrer du korleis kontentumet blir merkbart høgare før du høyrer Vegard snakke. Dette kan gjerast smidigare ved å legge inn ein lydfade. Dette klippet er upynta for å vise forskjellen på lydnivåa til kontentumet til vanleg og når det er skrudd opp, og det er derfor veldig merkbart.

Løysinga er å passe på at lydnivåa blir stilte for å passe til stemmenivået til intervjuobjektet, og at du held mikrofonen ganske nært munnen hans eller hennar.

Du kan gjerne stille eit heilt anna spørsmål før du startar på sjølve intervjuet. Til dømes kan du spørje om kva serie intervjuobjektet såg sist, eller kva han eller ho åt til middag i går. Då kan du stille inn lydnivået til stemma medan intervjuobjektet svarer.

Om du intervjuar fleire, må du passe på å stille lydnivået til kvar person du intervjuar, mellom opptaka, då somme snakkar høgare enn andre.

Kontentum

Med mindre du og intervjuobjektet er i eit lydstudio, vil det vere ein del lydar rundt dykk, som er kontentum eller miljølyd. Den lyden vil ligge under dialogen.

Ta opp minst 20 sekund med miljølyd kvar gong du skal gjere eit lydintervju. Det gjer at du kan lage finare lydovergangar, og du får eit underlag som kan ligge under voiceover eller blokk. Start gjerne med å ta opp kontentumet før du går i gang med intervjuet, det er lett å gløyme etterpå.

Nokre gonger kan det vere forstyrrande lydar i nærleiken, som musikk, ei høg vifte eller nokon som har ein samtale. Då er det lurt å prøve å skru av støyen eller å flytte dykk unna bråket.

Her kan du høyre eit notat om lydbiletet vi var i under intervjuet.

Lydkommentar

0:00
-0:00

Intervjuet vart gjort utandørs, ved motorsykkelen som Vegard mekka på. Mekkeplassen ligg ikkje så langt unna ein veg og ein leikeplass, og du kan derfor høyre nokre lydar av barn som leikar, og av bilar som køyrer fordi. Det kan gi lydar som kan forstyrre opptaket. Viss intervjuet vart gjort innandørs, hadde vi ikkje hatt forstyrrande element. Samtidig er det også ein fordel å vere i nærleiken av motorsykkelen, slik at vi kan få med oss litt miljø og situasjonar knytt til han.

Dette kan til dømes skje når vi ikkje har full kontroll over det andre lydbiletet:

Lydopptak bil

0:00
-0:00

Det beste vil vere å stoppe opp, vente til bilen har køyrt forbi, og så stille spørsmålet på nytt.

Foto av ein mann med motorsykkeljakke som festar setet på ein grøn motorsykkel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmålsstilling

Start med å lytte til dette lydklippet.

Spørsmål 1

0:00
-0:00

Og her kunne heile intervjuet enda. Nei, det kunne jo ikkje det. Når du skal jobbe med medieformer der lyd er sentralt, er det viktig at du stiller spørsmål på ein slik måte som gjer at du får svar som du kan bruke utan at spørsmålet treng å vere med når du skal bruke lydklippet.

Ja- og nei-spørsmål kallar vi for lukka spørsmål. Vi prøver å få mest mogleg opne spørsmål i lydintervju, slik at vi får mest mogleg informasjon. I nokre tilfelle kan det vere på sin plass med lukka spørsmål, til dømes viss du treng ei stadfesting på noko, eller viss intervjuobjektet uttrykker seg vagt.

Ein samtale skjer i noet, og det kan skje at du likevel stiller eit lukka spørsmål. Det er inga krise. I mange tilfelle vil intervjuobjektet sjølv utdjupe meir om temaet. Det du sjølv kan gjere, er å stille oppfølgingsspørsmål.

Spørsmål 2

0:00
-0:00

Det beste er nok uansett å få til eit ganske ope spørsmål som ikkje lar intervjuobjektet svare ja eller nei. Då opnar du for eit meir fyldig og interessant svar. Spørsmål tre er eit ope spørsmål.

Spørsmål 3

0:00
-0:00

Lag lydbilete

Prøv å skape lydbilete ved å gjere opptak av situasjonar og hendingar, eller ved hjelp av skildringar. Dialog åleine er ikkje så veldig spennande. Lyttaren er ikkje same stad som dykk.

Prøv å legge til rette slik at lyttaren kan sjå situasjonen for seg. Det kan vere ein spennande og god start på ein lydreportasje! Her er nokre døme på lydopptak som kan gjere reportasjen meir lytteverdig enn han ville vore om han berre inneheldt dialog.

Kjensla og motorlyd

0:00
-0:00

Skildring av motorlyd

0:00
-0:00

Beskriv motorsykkelen din for nokon som ikkje ser han

0:00
-0:00
Foto av ein grøn motorsykkel med ein klassisk utsjånad. På sida står det "Triumph".
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2020

Læringsressursar

Produser lyd