Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Frå eventyr til høyrespel

Lag eit høyrespel for radio basert på eit eventyr. I høyrespelet skal de bruke både reallyd, effektlydar og tale.
Askeladden, kongen og prinsessa står ved sida av hverandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag: Lag eit høyrespel

Del inn klassen i grupper på tre elevar. Vel eitt av desse eventyra:

  1. Dei tre bukkane Bruse som skulle til seters og gjere seg feite
  2. Askeladden som kappåt med trollet
  3. Sjuande far i huset
  4. Pannekaka
  5. ”God dag, mann!” – ”Økseskaft”

Eventyra finn de på nettet med eit enkelt google-søk.

Skriv om eventyret til eit høyrespel for radio. De må fordele roller, ha ulike røyster og bli samde om kva for effektlydar og miljølydar de vil leggje på for å lage eit best mogleg lydbilete. Hugs at lydane skal skape stemning og plassere aktørane inn i eit bestemt miljø.

CC BY-SASkrive av Thomas Nupen.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2018

Læringsressursar

Produser lyd