Hopp til innhald

Fagstoff

Slik lagar du ein radiodokumentar

Ein dokumentar består av autentiske opptak frå verkelegheita. Materialet er intervju, miljølyd og forteljarstemme.
Svart-kvitt foto av fire unge menn. Ein av dei står i framgrunnen. Han har på solbriller og strekker fram knytta nevar mot kameraet. Det er tatovert "UNGT BLOD" på fingrane hans.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lytt til døme op radiodokumentarar hos NRK.

På tur med Oslo Ess

Rockebandet Oslo Ess er eit rock/pønk-band frå Oslo. Åsmund Lande er vokalist og gitarist, Peter Larsson speler gitar, Mads Golden er på trommer, og Knut-Oscar Nymo er på bass. Bandet har hatt stor suksess som liveband.

I innslaget nedanfor fortel Siri Knudsen om korleis ho går fram når ho lagar ein radiodokumentar om dette bandet.

Radiodokumentar

0:00
-0:00

Oppgåver

  1. Kva kjenneteiknar ein radiodokumentar?
  2. Kva betyr det å gå i djupna i ein radiodokumentar?
  3. Nemn minst tre av situasjonane Siri Knudsen fekk dokumentert fordi ho vart med på turné.
  4. Ta for deg tre av lydklippa frå sjølve dokumentaren som Siri har klipt inn i denne lydfila.

    - Kva skjer?

    - Kvifor legg du merke til desse?

    - Kva gjer desse døma og situasjonane med lydopplevinga? Kva tilfører dei voiceoveren til Siri?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Produser lyd