Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Klippeoppgåve: lydreportasje om hobby

Bruk dei vedlagde lydfilene, og klipp ein reportasje om Vegard Beider og hobbyen hans, som er å køyre og mekke motorsykkel.
Ein mann med solbriller og motorsykkeljakke står ved den grøne motorsykkelen sin og ser mot kameraet. Ein svart hjelm heng på styret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du jobbe med lydfiler og lydredigeringsprogrammet ditt. Lydfilene ligg vedlagde nedst i denne oppgåva.

Oppdrag

Du skal klippe ein lydreportasje på to minutt som skal sendast på lokalradio. Kollegaen din har gjort opptaka i går, og du skal setje dette det saman, klart for lufta. Reportasjen inngår i den faste posten "hobbyen min".

Sorter materialet

Før du klipper ein reportasje, må du gå gjennom materialet og bestemme deg for kva du skal bruke og ikkje bruke. Noko kan du òg sortere som "kanskje", som du kan ta stilling til etter kvart.

Skriv ned tidskodar og kva det blir snakka om / kva som skjer. Noter ned viss det er bra, relevant, høyrer til "kanskje"-boksen eller er dårleg lyd og liknande, då er det lettare å finne fram til det materialet du kan bruke etterpå.

Viss du høyrer noko som du tenkjer er bra eller spennande, som kan gjere lyttaren nysgjerrig, kan det fungere som anslag. Prøv å finne anslag før du går i gang med sjølve klippinga.

I denne tabellen ser du eit døme på sortering av lydopptak med tidskode, stikkord om kva som skjer, og ein kommentar om partiet. Det gjer det enklare å finne tilbake til dei ulike partia du ønskjer å bruke.

Døme på sortering av råmateriale

Tidskode

Kva skjer

Kommentar

00.00–00.40

kontentum

nokre mekkelydar her og der, klipp det reinare

00.42

mekkelydar

ikkje så spennande, kan brukast – det kjem nokre forklaringar på kva som skjer cirka 2.10

03.15

fortel om tre sylindrar og fin lyd

kan knytast til rusing av motor, mogleg anslag

03.40

liker å skru motorsykkel viss eg har tid

kan brukast

04.03

alt på to hjul er artig

ganske bra parti

04.18

fire hjul beveger kroppen, to hjul beveger sjela

bruk dette – mogleg anslag eller avslutning

04.30

eg har vore interessert i motorsykkel frå så tidleg eg kan hugse

kan vere fint i utdjupingsdelen

04.42

eg begynte då eg var rundt 30 år

her ligg det ein del bakgrunnsinformasjon, kanskje best å samanfatte i ein voice-over

Struktur i reportasjen

Det er mange måtar å lage ein reportasje på, og det er mykje du kan velje å leggje vekt på. Set opp ein struktur, og vel deg noko å fokusere på. Skriv gjerne på eit eige ark, eller lag eit tankekart med moglege punkt å fokusere på når du går gjennom materialet, og noter ned tidskodar slik at det blir lett å finne tilbake til dette. Skriv gjerne introen som skal lesast opp i studio, før du går i gang med sjølve klippinga.

Ein vanleg oppbygging av radioreportasje er APUS, som vil seie

  • anslag
  • presentasjon
  • utdjuping
  • slutt

Du kan lese meir om denne dramaturgimodellen i NDLA-ressursen "APUS-modellen: Analyse og produksjon ".

Legg vekt på anslaget, det er det som skal selje inn reportasjen din, og som skal avgjere om lyttaren vil høyre på eller trykkjer seg vidare til ein annan kanal. Vidare må du presentere, utdjupe og runde av reportasjen og få det heile til å passe saman som ein heilskap.

Klipp og gjer klar for lufta

Jobb i programmet, set saman lydane til ein reportasje, skriv og les inn blokker og voice-over, og juster lyd og overgangar.

Å gjere ein lydreportasje klar for lufta betyr at du

  • fokuserer på eit godt anslag som kan vekkje interessa til lyttaren
  • har god struktur og syr saman forteljinga med voice-overen din
  • skaper lydbilete
  • jobbar med lydnivåa slik at det blir likt lydnivå på stemma di og stemma til intervjuobjektet, og slik at tale ligg om lag 75 prosent opp på lydmeteret
  • passar på at effektlyd og kontentum blir tilpassa til resten av lydbiletet
  • eksporterer ut lydfila i eigna format
  • lagar topp, intro og ut til studio som passar til reportasjen din

Materiale/lydpakke

Her finn du lydfiler som du kan bruke. Trykk på "bruk lydklipp" på filene, og vel "last ned". Transkripsjonar av lyden ligg i ein klikkbar boks under dei to siste lydfilene som har tale.

Motorlydar hobby motorsykkel

0:00
-0:00

Kontentum hobby motorsykkel

0:00
-0:00

Intervju hobby motorsykkel

0:00
-0:00
Transkripsjon intervju

– Kva gjer at du liker å ha motorsykkel?
– No har eg så gamle motorsyklar at eg alltid må skru på noko. Så lenge eg har tid til det, er det artig. Det er artig å køyre han, både til jobb og elles. Fram og tilbake og litt bakvegar her og der.

– Korleis er det å køyre motorsykkel samanlikna med andre transportmiddel, som å køyre bil?
– Det er mykje artigare enn å køyre bil. Du kan samanlikne det litt med å sykle, berre at det går mykje fortare. Alt på to hjul er artig. Fire hjul beveger kroppen, to hjul beveger sjela.

– Når blei du interessert i motorsyklar?
– Frå så tidleg som eg kan hugse.

– Når begynte du å køyre motorsykkel sjølv?
– Det var ganske seint. Eg fekk øvingskøyre då eg var rundt 30 år. Eg fekk sertifikatet i 2013, då var eg 31 år.

– Du liker ikkje berre å køyre motorsykkel, du liker òg å skru på motorsykkel. Kan du fortelje litt om det?
– Det er at du veit at ting er gjorte ordentleg, og så lærer du betre å kjenne motorsykkelen. Og så er det litt meditasjon rundt det, når det går som det skal, i alle fall.

– Enn viss det ikkje går som det skal?
– Då er det jo lite meditasjon, til du skjøner kva som er gale, og du får fiksa det.

– Kva er det vanskelegaste du har mekka på motorsykkelen?
– Nei, no gjer eg ikkje så veldig store ting. Eg har jobba ein del med forgaflane på ein del av syklane.

– Kan du fortelje om ein gong du mekka og fekk godfølelsen?
– Nei, det er jo heile tida, det. Det må vere då eg kjøpte denne og fekk han i gang. Då blei eg ganske glad. Eg fekk høyrt motoren på han. Då eg kjøpte han, gjekk han ikkje.

– Var det planen at han ikkje gjekk?
– Nei … I utgangspunktet skulle han gå då eg drog for å kikke på han. Då eg drog for å kikke på han, starta han ikkje. Då fekk eg han jo billegare òg. Hehe.

– Kva er det som gjer at motorsykkel er hobbyen din, og ikkje noko anna?
– Eg skyt jo òg, det er òg ein hobby. Det må jo vere tida, då, som gjer at eg ikkje kan ha særleg fleire hobbyar.

– Viss du skulle presentert sykkelen din på eit halvt minutt, for nokon som ikkje kan sjå han. Beskriv sykkelen din for nokon som ikkje er så god på motorsyklar.
– Det er ein klassisk motorsykkel. Viss du skal teikne ein motorsykkel, teiknar du ein slik motorsykkel som eg har. Han er grøn og fin, og så er han engelsk, og så lagar han kjempefin lyd. Skikkeleg motorsykkellyd. Og så er han blank og fin, eller ikkje så veldig blank, for eg har ikkje lært meg å polere ordentleg. Litt blank er han. Han fungerer bra mekanisk, det er det viktigaste.

– Du har jo hatt fleire motorsyklar, og du har òg ein eldre modell. Er du fornøgd, eller er du stadig på utkikk etter ein ny?
– Du kan jo aldri få for mange motorsyklar, det er jo berre plassen som set avgrensingar, og tida. Eg er ikkje fornøgd, men eg må jo seie meg fornøgd, hehe. Eg skulle gjerne hatt fleire ulike typar motorsyklar. Hehe.

– Når våren kjem og det begynner å bli klart for motorsykkeltur, korleis er det å ta på seg motorsykkelklede og skru på tenninga og ta den første turen om våren?
– Det er jo alltid spennande, det er lenge sidan du har køyrt. Det er litt adrenalinrush før du har starta han opp. Så får du godfølelsen når han startar, og du startar å køyre, og du kjenner at rusta slepp.

– Er det litt meir du vil formidle om denne hobbyen?
– Det er jo ikkje berre ein hobby, det er òg ein transportmåte. Fleire burde ha begynt å køyre motorsykkel framfor å køyre bil. Nei, eigentleg så synest eg ikkje det, eg vil ha vegen mest mogleg for meg sjølv.

– Korleis kan ein køyre motorsykkel på ein trygg måte?
– Du må køyre defensivt og føresjå, så langt det går, dei andre trafikantane sine bevegelsar og kva dei finn på. Sjølv om dei står og ventar ved eit vikepliktskilt, betyr det ikkje at dei har sett deg og er klar over at dei har vikeplikt. Då må du vere klar både til å bremse og svinge unna viss dei plutseleg hoppar ut framfor deg.

– Kva er det du liker med motorsyklar?
– Nei, det må jo vere kjensla av at du kontrollerer køyretøyet direkte. Du vrir på gassen og set av garde, du svingar akkurat så mykje som du vil, du ser korleis ting fungerer.

– No ser vi motorsykkelen din, og du har beskrive han i stad. Viss skal ta han inn med andre sansar, korleis kjennest han ut, korleis luktar han, er han varm eller kald?
– Akkurat denne luktar vel litt bensin, hehe. Han sveittar litt bensin og litt olje, men ikkje så veldig mykje. Det er jo haust, og vinter til og med, så det er ganske kaldt å stå her, og metallet blir kaldt. Men når han startar og går, er motoren varm, og du høyrer at det skjer ting, hehe. Du sit jo rett over motoren, då.

Situasjonar og skildringar hobby motorsykkel

0:00
-0:00
Transkripsjon situasjonar og skildringar

00.00–00.53: kontentum og små mekkelydar

– Kva er det du festar no?
– No festar eg på setet. Skrur det på.

– Du skrudde i stad, kva gjorde du då?
– Først sette eg på batteriet, kopla det på, og så festa eg eit sidedeksel, eit pyntedeksel, og no set eg på setet. (Skrulydar.) Festar med boltar (skrulydar, små dunk).

– No står vi attmed ei grøn skjønnheit. Kan du fortelje litt om motorsykkelen din?
– Det er ein Triumph Legend frå 2000. Motoren er 900 kubikk, det er tre sylindrar, så det er ein ganske fin og spesiell lyd i motsetning til andre motorsyklar med to eller fire sylindrar. Så det blir litt artigare lyd, litt finare gonge, synest eg.

– Kva gjer at denne lyden blir finare?
– Det høyrest jo litt ujamt ut, samtidig har du ei momentskurve eg liker betre, du får brukt meir av mellomregisteret på motoren. Du slepp å anten køyre han på veldig lågt eller høgt turtal.

Ein mann med motorsykkeljakke festar setet på ein grøn motorsykkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Innan fleirsporsredigering av lyd finst det nokre hovudprinsipp. Her får du ei bruksrettleiing i lydredigeringsprogramma Audition og Audacity.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020

Læringsressursar

Produser lyd