Hopp til innhald

Fagstoff

Slik lagar du ein radioreportasje

Når du skal lage ein radioreportasje, er det viktig å planleggje oppbygging og verkemiddelbruk. Tenk òg på kven målgruppa du rettar deg mot, er.
Ein dresskledd radiojournalist står lent mot eit avsperringsgjerde i metall. Han har hovudtelefonar på og les i ein handhalden mikrofon frå ei notatblokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målgruppe, fokus og bodskap

Du må vite kven du lagar saka for, kva du skal fokusere på, og kva du ønskjer å formidle. Spesielt er det viktig å vere klar over målgruppa når du lagar ein radioreportasje. Dess yngre målgruppa er, dess meir bruk av effektlydar, bakgrunnsmusikk og kontentum kan du tillate deg. Dess eldre målgruppa er, dess rolegare tempo og mindre «støy» bør du ha i saka di.

  • I presentasjon med lyd er stemma mange gonger den viktigaste nøkkelen til suksess.
  • Musikk bruker vi i hovudsak til å skape stemningar.
  • Miljølydar fortel oss kvar vi er, til dømes på kafé, i skogen eller langs vegen.
  • Lydeffektar som latter, slag, skot og hjartebank hjelper oss med å fortelje historia.
  • Stille kan brukast for å lage ein pause, gå frå eitt tema til eit anna, markere ein slutt eller skape spenning.

Tydeleg tale

I radioreportasjar er det ekstremt viktig å vere tydeleg. Radiostemmer og -lydar fyk forbi lyttarane, som berre får éi moglegheit til å forstå det som blir sagt. Det er ikkje som i ei avis der ein kan lese ein artikkel om att om ein lurer på noko. For at lyttarane skal få med seg innhaldet i radioreportasjar, må ein derfor snakke svært tydeleg. I tillegg må sakene vinklast heilt klart og ha berre éin hovudbodskap.

Oppbygning

Mens nyheitssaker i radio stort sett går rett på sak, er ein reportasje gjerne bygd opp litt annleis.

Introduksjon

Først kjem det ein introduksjon (eller intro som det heiter på «fagspråket») som programleiaren les. Introduksjonen er gjerne skriven av reporteren som lagar sjølve reportasjen. Han svarer til overskrifta og ingressen i ei avissak. Her får lyttaren vite kva saka handlar om.

Anslag

Sjølve reportasjen startar med eit anslag som skal vekkje førekunnskapane til lyttarane. Anslaget kan vere musikk, ei spennande utsegn frå eit intervjuobjekt eller ein effektlyd.

Hovuddel

Etter anslaget blir det gjerne fortalt ei historie, der målet er å halde på lyttarane gjennom heile saka.

Avrunding og utroduksjon

Reportasjen blir vanlegvis avrunda slik han starta, med musikk, ein effektlyd eller ei utsegn. Heilt til sist avsluttar programleiaren saka med ein utroduksjon (utro på fagsjargongen) der namnet på reporteren blir nemnt. Utroduksjonen svarer til byline i ei avis.

Døme

Lytt til innslaget nedanfor.

  • Kor mange lydformer er brukte i dette innslaget?
  • Kva verkemiddel er brukte?

Radioreportasje om Berlinmuren 1989

0:00
-0:00
Transkripsjon reportasje

Vi skal først til Berlin, der fleire tusen austtyskarar strøymde att og fram gjennom grenseovergangane i muren etter at dei blei opna i natt. No i morgons seier styresmaktene at alle som vil ha pass og visum, skal få det raskt, slik at trafikken over grensa ikkje blir heilt ukontrollert. Vi skal til ein av grenseovergangane i Berlin i natt.

Lyd av mange menneske som roper på tysk.

«Opp med porten, opp med porten», ropte menneskemengda til dei austtyske grensevaktene i Berlin i natt. Hundrevis av menneske strøymde like før midnatt til grenseovergangen i Bornholmer Strasse, ein av dei åtte grenseovergangane mellom Aust- og Vest-Berlin. «Vi kjem over, vi kjem over», ropte menneskemengda her i aust då det gjekk opp for dei at grensa var opna for vanleg ferdsel.

Alle som ville, kunne i natt gå att og fram over sektorgrensa mellom Aust- og Vest-Berlin. Det var som om folk ikkje trudde at det var sant, etter 28 år bak piggtråd og ein mur som har delt Berlin i to. «Eg har ikkje vore i Vest-Berlin ein einaste gong på 28 år», seier ei eldre, smilande kvinne. «Det er ein utenkjeleg dag. Vi kan ikkje tenkje. Vi vil bli i Aust-Berlin, men no vi vil sjå at det er sant. Vi har sett at muren blei bygd, og no opplever vi at han fell», seier tre eldre kvinner som Dagsnytt snakka med i natt. Etter at det som er kalla skammas mur, blei bygd for 28 år sidan, var han med eit slag overflødig i natt.

Lyd av mange menneske som roper på tysk.

Og det var Jon Røssum som rapporterte frå Aust-Berlin.

I Vest-Tyskland førebur styresmaktene seg på ei bølgje av austtyskarar som er venta å kome etter at grensene no er opna. Den historiske avgjerda i Aust-Berlin blei helsa med klappsalver i den vesttyske Forbundsdagen i går kveld. Leiaren i sosialdemokratane Hans-Jochen Vogel såg seg 28 år tilbake.

Tysk tale.

Blikket mitt går akkurat no til Willy Brant, som var regjerande borgarmeister i Vest-Berlin 13. august 1961 då dette umenneskelege byggverket, muren, blei reist, sa Vogel til applaus.

På benken i Forbundsdagen sat ein gripen Willy Brant som blei omfamna av gråtande kollegaer. Forbundsdagen avbraut det ordinære møtet sitt og gjekk over til ein ekstraordinær sesjon. Her blei behovet for solidaritet med det austtyske folket halde fram. Utover kvelden og natta heldt fram vesttysk fjernsyn med direktesendingar frå ulike grensepasseringar, der dei første austtyskarane kom over etter at nyheita om dei opne grensene hadde blitt kjend. Nokre av austtyskarane hadde sloppe gjennom utan pass og visum. Dei austtyske identitetskorta deira hadde vore tilstrekkeleg.

I Vest-Tyskland er det ei klar forståing for det historiske i situasjonen. Dette kan vere byrjinga til at piggtråden, landminene, soldatane, hundane og ikkje minst den kalde krigens mest hata symbol, Berlinmuren, blir fjerna. Nokre umiddelbare planar om det finst ikkje, men desse fysiske hindringane blir meiningslause om folk fritt skal få passere dei.

Medaljen har likevel ei alvorleg bakside. Om dei austtyske styresmaktene ikkje snart gjennomfører politiske reformer som folket trur på, kan så mange som ein million austtyskarar strøyme inn i Vest-Tyskland. Sjølv om innanriksdepartementet i Bonn lover at ingen skal sendast tilbake, er det klart at ein står overfor gigantiske problem. Først skal dei nykomne husast, allereie det har blitt vanskeleg. Så skal dei inn i hus av meir permanent karakter i eit land der bustadmangelen er stor frå før, og dei skal konkurrere med nærmare to millionar arbeidslause vesttyskarar om dei ledige jobbane. Vest-Tyskland er derfor innstilt på å gi massiv økonomisk hjelp til DDR dersom frie val i eit fleirpartisystem blir innført.

Spørsmålet er om den nye leiinga i Aust-Tyskland har noko alternativ til det lenger.

Det sa reporter Gunnar Høidahl.

Ein person svingar ei diger hakke mot ein mur. I bakgrunnen står ei folkemengd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2018

Læringsressursar

Produser lyd